OPEN DAG!

Mykje folk støtter opp om dette trivelege tiltaket som vi har hatt i 21 år.

Både dei som arbeider her, pårørande og pasientar hjelper til med å strikke og å skaffe gevinstar.

Tilsette sel lodd på bygda og folk er svært villige til å kjøpe lodd.

Salgsutstillarar var på plass tidleg, dei set stor pris på å få kome att år etter år.

DSC02400

Mykje flotte strikkeplagg var utstilt for salg i gangen 2 etasje.

DSC02403

Hjelparar var klare og passa på loddsalget i gangen, der var nokre av gevinstane utstilde.

DSC02405

Linda Eiken hadde med seg Miranda Tryggeseth og Therese Mo Øye og dei fortalde om ferda over Grønnland.

Bestemor Mary ser etter medan ho" klargjer utstyret".

DSC02404

Kjøkkenet kokkelerte, så rjomegrauten var klar, og eit storslott kakebord kunne dei og diske opp med.

DSC02432

Folk strøymde på, alt vi hadde av bord og stolar vart teke i bruk.

DSC02459

Her er den driftige kjøkkengjengen som diska opp med god mat og gode smil.

DSC02466

Folk skrytte av den gode grauten og det var mange som tok middagen her denne dagen.

DSC02461

Som de kan sjå vart det godt med folk stua saman på liten plass. Der det er hjerterom er der husrom.

DSC02471

Ja, i gangen var der mykje folk, alle fekk sitje.

DSC02473

Anne, Oddhild og Ingunn var overvelda over ein vellukka Open dag.

DSC02442

Ingunn helste alle velkomne og fortalde litt om kva som er nytt på Heimen i år,

og litt om seg sjølv og kvifor ho velgde denne jobben som einingsleiar.

DSC02444

Alle fylgde med på programmet og det som vart sagt.

DSC02451

Grønnlandsfararane fortalde om turen og førebuingane sine til den.

Det hadde bebuarane på Heimen venta på og gledd seg til lenge.

DSC02452

Mykje kjekke folk.

DSC02454

Som sild i tønne.....

DSC02456

Alle fekk kjøpt seg mat og let vel over den trivelege dagen.

DSC02476

Halvard og Leif spelte til oss i fleire omgongar og til allsongen, Oddhild takka dei med blomar og sitteunderlag frå Heimen.

DSC02477

Kjøkkenet fekk ein blomst som takk for formidabel innsats.

DSC02479

Sist men ikkje minst fekk Oddhild ein blomst fordi ho har stillt opp i nemda i 20 år!

DSC02484

Desse tre fekk full pott på loddkjøpet, gevinstar i fleng.

Dei som kjøper mykje lodd vinn mest.

Til slutt vil me få takke alle som bidrog på alle måtar, med stort og smått, slik at denne dagen vart ein vellukka dag.

Det vart ein storslagen dugnad.

Kort oppsummert: det vart ein kjekk dag.