Tradisjonar skaper gode minner, og vi i ungdomslaget arrangerer ei triveleg og sosial stund saman med familie, vennar og sambygdingar. Det vert høve til å lage flott julepynt medan ein lyttar til koseleg julemusikk.

Det vert også høve til å pakke inn dei flotte gåvene ein lagar med gåvepapir.

images (1)imagesimages (1)

Vi serverer også risgrynsgraut, (sjølvsagt med mandel i) og saft til alle, dette er inkludert i prisen.

images (2)

Vi har god tru på at nissen kjem innom med noko godt til borna òg. Han brukar nemleg å finne oss kvart år :)

nissen

Pris pr. familie er 400,- (inntil fem personar)

Enkeltpris 100,-

Vi har Vipps!

Juleverkstaden har vorte ein hyggjeleg førjulstradisjon og vi ynskjer alle hjarteleg velkomne!