Hjørundfjordportalen » Lokalt » Julemesse på Sæbø 26. november

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Annonse

Julemesse på Sæbø 26. november

Søndag 26. november, kl. 13.00 - 17.00, er det igjen tid for julemesse på bedehuset på Sæbø.


I salane oppe vert det eit variert utval flott handverk og nede i kjellarstova finn du kafé med salg av karbonadesmørbrød, gode kaker og kaffi.

Utstillerane gir kvar si sjølvlaga gåve til eit lotteri til inntekt for bedehuset. Lodd kan kjøpast ved inngongen til salane oppe.

Det vert også i år mykje flott handarbeid på julemessa på Sæbø, så dette er dagen då du kan  finne julegåver til kjende og kjære.

Vi har ikkje heilt oversikta over kor mange av utstillerane som har betalingsterminal, Vipps, eller liknande, men tilhøva for internett er ikkje gode på bedehuset, så vi vil råde til å ha med kontantar.

Sparebank1 har minibank på Sæbø v/ fergekaia.

Eit utval av årets utstillerar:

Lisbet Vatne Nielsen

Lisbet Vatne Nielsen: Kransar og dekorasjonar av naturmaterialer

Kari Gamlem

Kari Gamlem: Figurar av tova ull

Vindspoll

Gunn B Vindspoll: Barneklede

Rolf ØrsalRolf Ørsal: Fuglehus i ulike fargar

Birøkterens hudkrem

Nina Iren Måseidvåg: Honning og hudkrem

Siri Viddal

Siri Roset Viddal: Strikkepinneetui, gryteklutar og ymse småsaum

Snikkarbuda Andersen

Snikkarbuda Andersen: Treleiker, ymse kjøkkenreiskap og spøtehetta

Annlaug Stokke

Annlaug Stokke: Englar, klatrestativ til blomster, meisebollehaldarar, lyslykthaldarar

med meir - alt laga av pil.

Gry Nerland

Gry Nerland: Lyshus og ymse figurar av keramikk

Kari Stokke

Kari Stokke: Småstrikk - Huer, panneband, tova votter

Anna Moan

Anna Moan: Bilete, sitjeunderlag, kroppsskrubb, kort

Anja

Anja G. Holen/Nils P. Borgos: Skinn av Gammel Norsk Spælsau, røykt laks, plommesaft.

Manuela

Manuela og Bernt Ritter: Røykt ost, tyske julekaker, lyslykter av tre og utskårne tre-dekorasjonar til lyslekkjer (biletet over)

Tonje

Tonje Rem: Tacolefse-varmar, dokkeklede, huer med smekke, huer med ullfòr m.m.

Ida

Bodil Skare og Ida M. B. Ose: Flatbrød og hekla figurar

Velkomne til julemesse søndag 26. november kl. 13.00 - 17.00

Sjå og vår side på Facebook, Julemesse Sæbø: https://www.facebook.com/JulemesseSaebo/

Lagt inn av
21.11.2017 10:16

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

22.nov.
(Gymsalen sæbø)
(Sæbø bedehus)
26.nov.
(Sæbø bedehus)
27.nov.
(Gymsalen sæbø)
28.nov.
(Grendahuset)
29.nov.
(Gymsalen sæbø)
(Sæbø bedehus)
2.des.
(Grendahuset)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1049 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 39 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

1030 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2662644 besøk og 22568857 visningar totalt