Hjørundfjordportalen » Lokalt » Bakeriet opnar

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Annonse

Bakeriet opnar

Endeleg er tida komen - fredag 1. desember klokka 1000 opnar Strands bakeri på Sæbø julesesongen 2017.Det meste av bakarvarer og julekaker vert å få kjøpt.

Som tradisjonen tilseier, opnar Kanutte og Dagfinn dørene til Strands bakeri på Sæbø når advent tek til.  Opningsdagen i år vert fredag 1. desember klokka 1000.

Bakeri tømmerb 010
Kanutte og Dagfinn opnar dørene til kafe og bakeri fredag 1.12.17 kl 1000

I år vil bakeriet også halde ope på søndagane.  Opningstidene vert:

Kvardagar:             Klokka 1000 - 1630

Laurdagar:             Klokka 1000 - 1430

Søndagar:              Klokka 1000 - 1600

Bakar Dagfinn opplyser at dei vanlege, gode brøda vert å få kjøpt i tillegg til dei andre varene som bakeriet brukar å ha. Men sidan det er julesesong vert det julebrød å få kjøpt - sjølvsagt med sukat.  Dei tradisjonelle julekakene er også i butikken, julekaker som også er for dei som er plaga med cøliaki.  Så må også dei gode kransekakene nemnast.

Dagfinn legg til at det er mange som har tinga brød/julebrød så vil du ha varer i større mengder kan det vere klokt å bestille.

Kanutte styrer butikk og kafe.  Det er alltid fersk kaffi på kanna i tillegg til dei ferske bakarvarene.

Kanutte og Dagfinn ynskjer nye og gamle kundar hjarteleg velkomne.

Lagt inn av
30.11.2017 21:55

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

24.des.
(Hjørundfjord kyrkje)
25.des.
(Hjørundfjord kyrkje)
29.des.
(Sæbø bedehus)
31.des.
(Hjørundfjordheimen)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1050 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 15 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

112 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2683131 besøk og 22712992 visningar totalt