Hjørundfjordportalen » Lokalt » Sunnmøre Kammermusikkfestival 2017- Konsert i Hjørundfjord kyrkje

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Sunnmøre Kammermusikkfestival 2017- Konsert i Hjørundfjord kyrkje

Velkomen til Sunnmøre Kammermusikkfestival 3.- 9.september 2017. I september er det duka for store musikalske opplevingar for alle som er glade i musikk. Konsertar, meisterklassar, foredrag og mykje meir. Årets festival er tileigna Knut Ose sitt minne.

I år har festivalleiinga valgt å leggje den eine konserten til Hjørundfjord kyrkje, noko som gjer oss stolte og glade.
Konserten vert fredag 08.september kl.21.00. Sjå heile artikkelen for program og informasjon.

På denne konserten får du oppleve musikarar i verdsklasse!
For første gong får vi også oppleve eit konsertflygel i Hjørundfjord kyrkje,
kjørt inn eins ærend frå Oslo for akkurat denne konserten.

Sett av datoen og få ei oppleving utanom det vanlege.
Sunnmøre Kammermusikkfestival samarbeider også med Hotell Sagafjord.
Det vert moglegheit får å kjøpe seg festivalmiddag på hotellet i forkant av konserten.

Program:
Talentstipend: Ein kandidat spelar/syng.
Wagner/Liszt: Isoldes Liebestod.
Schönberg: Tre klaverstykke, op.11.
Prokofjev: Fem dikt av Anna Akhmatova, op.27.
Beethoven: Strykekvartett i f-moll "Serioso", op.95.

Bill.: 250/100

Musikarar som tek del under heile festivalveka:

Nina Gravrok, sopran.
Wolfgang Plagge, klaver.
Miki Aoki, klaver.
Annar Follesø, fiolin.
Henrik Hannisdal, fiolin.
Eriikka Nylund, bratsj.
Jonathan Aasgaard, cello.
Håkon Daniel Nystedt, dirigent.
Festivalkoret.

WWW.KAMMERMUSIKKFESTIVAL.NO finn du fleire arrangement og oppdatert program for heile festivalveka. Billettar på WWW.TIKKIO.NO

Du kan også kjøpe billettar i døra.

Styret i Sunnmøre Kammermusikkfestival.

Lagt inn av
09.08.2017 14:56

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

19.aug.
(Sæbø kai)
20.aug.
(Sæbø kai)
21.aug.
(Klokkura/Tryvatna)
26.aug.
(Sæbø kai)
27.aug.
(Hjørundfjord kyrkje)
(Sæbø kai)
28.aug.
(Bondalsbakken.)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1041 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 28 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

455 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2569211 besøk og 21865266 visningar totalt