Hjørundfjordportalen » Lokalt » Sommarfest på Sæbø

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Sommarfest på Sæbø

Laurdag 12. august arrangerer Sæbø grendelag sommarfest i Sæbø sentrum.

Det vert sal av mat og lodd og underhaldning ved Mikkel og Marius Riise.

Har du ein artist i deg? Ta kontakt med Øyvind Taklo om du vil opptre på festen (sjå meir i artikkelen).

Grendelaget har tru på godt vér, men Idrettslagsteltet er reservert, så om det skulle kome ei regnbyge eller to vil vi kunne sitje tørt alikevel.

Sæbø grendelag er eit aktivt lag som arbeider for trivsel for fastbuande og tilreisande. Dei står bak store prosjekt som grindløde i fonnvernet og området i Kapteinkvia med grill og nytt toalettbygg. Dei organiserar ryddedugnader i Sæbø sentrum og på badestranda og rydding av skog i fonnvernet.

Grendelaget har utgifter til drift og vedlikehald og arbeider no med å få til lys langs vegen opp til Hjertebenken.

På festen laurdag vert det sal av mat og lodd til inntekt for grendelaget.

Mikkel og Marius Riise vil spele for oss, men om du har ein artist i magen er det god plass til meir underhaldning. Diktlesing, song, musikk, tryllekunster, skrøner, historier...

Ta kontakt med Øyvind Taklo på tlf. 477 59 789 for nærare avtale.

(Vi har diverre ikkje høve til å betale honorar)

Dersom nokon vil støtte grendelaget med gevinst til lotteriet kan dei ta kontakt med Øyvind Taklo.

Om du har høve til å hjelpe grendelaget med kake, sveler, baguettar eller liknande er dei takknemlege om du sender ein SMS til Elisabeth Årseth Dimmen tlf. 926 08 041, eller Ingvild Åmbakk tlf. 906 31 014.

Støtt opp om Sæbø grendelag og ta med deg familie, venner og kjende til mat og triveleg prat.

Alle er hjarteleg velkomne!

Sommarfest

Lagt inn av
05.08.2017 12:06

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

19.aug.
(Sæbø kai)
20.aug.
(Sæbø kai)
21.aug.
(Klokkura/Tryvatna)
26.aug.
(Sæbø kai)
27.aug.
(Hjørundfjord kyrkje)
(Sæbø kai)
28.aug.
(Bondalsbakken.)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1041 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 30 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

459 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2569215 besøk og 21865292 visningar totalt