SEPTEMBER-PROGAMMET på Hjørundfjord Filmteater! 
Denne månaden har vi fyrst ein kveld med semesteropning, og har då valt to muntre filmar som bør passe til til fleste. 
DYRENE I HAKKEBAKKESKOGEN var stor suksess på kino i fjor, og vi tillet oss ein ynskjereprise, for det ser ut som av barna aldri får nok av denne forteljinga. Så oppfordringa er klar - ta med deg syster eller bror, venn og far og mor, og sjå filmen - som du kanskje har sett før - hos oss med popcorn og vennane dine! Tilleten for alle. Filmen starter kl 17.00 søndag 03.09.17. 

hakkebakkeskogen

Same kveld er det klart for HUNT FOR THE WILDERPEOPLE. Filmen vann mange prisar i fjor, og var ein dundrande suksess i heimlandet New Zealand - både hos kritikarar og publikum. Den fortel historia om ein gammel grinebitar og ein ung gut frå byen som saman må på rømmen med politi og barnevern i helane, alt på grunn av ei mistyding. Ein komedie mykje varme og ganske så mykje svart humor. Aldersgrense 12 år, startar 19.30 søndag 03.09. 

hunt for the wilderpeople

Søndag 24.09 er det tid for haustens fyrste filmsalong, og det blir Flyktning - Spesial og GRATISFRAMSYNING i samarbeid med Høgskulen i Volda og Forskningsdagane! I tillegg kjem Amnesty og held foredrag før filmen. HAVET BRENNER vann Gullbjørnen i fjor i Berlin for beste film, og er ein italiensk dokumentar om folket på Lampedusa, i møte med flyktningestraumen som kjem. Aldersgrense 12 år. Eiga hending om denne filmen kjem! Vel møtt til framsyningar på Hjørundfjord Filmteater!

havet brenner