Fiskefestivalen varer frå kl. 17.00 fredag til kl. 17.00 laurdag. Begge kveldar vert det arrangement og sal av middag på kveldstid. Dette kan du lese meir om på Facebook (Hjørundfjord fiskefestival 2017), eller i Møre-Nytt. 

Nilsbuda20171

Slik ser det altså ut når det nærmar seg opning av Nilsbuda i slutten av mai. Utepynten får nye strok maling og nye idéear kjem til inne. Det vert vaska og rydda og gjort klart for alle varene som skal inn i det tome lokalet.

Mange dugnadstimar må til før alt er registrert og på plass og vi gler oss alltid like mykje til å kunne ta imot kundar. Leverandørane våre (mellom 50 og 60 personar) lagar utruleg mykje fint og det er kjekt med alle dei flotte tilbakemeldingane vi får på vegner av dei. Når vi åpnar i mai er butikken heilt oppfylt av kunst og handarbeid. Vi får påfyll fleire gongar i løpet av sommaren og har framleis svært mykje av varer som eignar seg godt til gåver til deg sjølv og andre, små og store, den som har alt og den som treng det meste.

Nilsbuda20172

Strikk, keramikk, trearbeid, ullbilete, kort, lappesaum, vevnad... eit breitt utval.

Nilsbuda20173

Sauer av keramikk og sauer av fell. Dei kjem ikkje på beite, men får lufte seg lell.

Nilsbuda20179

Barnestolar er ein av bestselgarane denne sommaren. Lette og fine.

Nilsbuda20175

Det går mot haust og vi har framleis nokre strikkeplagg som passar godt til dei som går i barnehage. Gode varme ullgenserar og ullbukser er kjekt å ha når det vert kaldare ute.

Nilsbuda20177

Her har ein saud plassert haudet sitt oppå kanten av strikkebollen. Nokre kan ikkje gje slepp og må følgje ulla si heile vegen til ferdig strikk... 

Praktisk for den som strikkar å ha tråden samla slik i staden for at nøsta dansar rundt på golvet.                          

Nilsbuda20176

Nydelege, forseggjorte små plagg til dei minste. Kjolar, strikkesett og sparkebukser.

    Nilsbuda20178

Heimebaka flatbrød i korga, kraftige forkle på knaggane og eit flott "lysbrett" av tre.

Festar du ei lyslekkje på baksida, vil hjarta skine opp i mørkret. Nydeleg til ei trapp ute. 

Nilsbuda20176

Smykker av sølv og emalje. Nokre av dei med artig påskrift.

Nilsbuda20178

Vi har hatt mange grå dagar i sommar, men på Sæbø og i Hjørundfjorden er det vakkert uansett. Vi håper på godt ver denne helga og at mange tar turen til Sæbø. 

Kanskje vil du prøve fiskelykka?

Velkomne til vakre Sæbø!