Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Proffesor Brian Cox tok utgangspunkt i nettopp fjellet Dalegubben då han skulle forklare tyngdekrafta i fjernsynsserien "Universets mysterium".  Likevel har fjell som Skårasalen og Slogen fram til no vore meir ynda turmål for toppturentusiastane.  Men no har Dalegubben fått ei godt merka rås heilt frå naustrekka i Sandvika på Sæbø til toppen av 1344 meter høge Dalegubben og no fredag, fredag den 1. september klokka 1100 kjem tidlegare stortingsrepresentant, tidlegare forsvarsminister, tidlegare generalsektretær i Den Norske turistforening og noverande adm. dir. i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, eins ærend til Sæbø for å opna råsa.

_IGP7853b
Utsikta frå Dalegubben er framifrå.

På Urke og i Norangsfjorden har dei vore svært flinke til å drive PR for turmål som Saksa, Urkeegga og  Slogen.  På fine dagar i sommarhalvåret har ferjekaia på Sæbø vore full av bilar med folk som vil til fjells på andre sida av Hjørundfjorden.  Dette er sjølvsagt flott både for turgåarane, næringslivet og folkehelsa.  Trimgruppa i Sæbø IL har dei siste par åra konsentrert seg meir om fjellbingoen, eit svært populært tiltak, men med turmål som ikkje har vore sæ høgt oppe i terrenget.

Men i løpet av det siste året har fleire i trimgruppa vendt blikket høgare oppover, ikkje minst mot det fantastiske fjellet Dalegubben, fjellet som også William Cecil Slingsby meinte hadde ei utsikt som var fullt på høgde med Slogen hadde å by på. Når så Sæbø både har fleire butikkar, bakeri i sesongen, parkeringsplassar, Kapteinskvia med m.a. grill og nye toalett, badestrand som ligg klar til bruk etter endt tur, ei godt merka Gunnarrås heilt opp i Skondalen, ei  rås vidare oppover utan myrparti, ja då skal det berre mangle om ikkje dette flotte fjellet skal verte eit ynda turmål for alle som likar flott utsikt og vil betre kondisjonen oppover Skondalen mot toppen.

_IGP5235c
Frå 2. september kan du frå Dalegubben sjå hurtigruta kvar
dag
på veg inn/ut fjorden.

Råsa oppover Skondalen er vendt mot sør og difor er også Dalegubben eit flott turmål foross som likar sol og gjerne likar å gå på fjelltur langt utover hausten.  Likevel må det nemanst at det er lenger å gå til toppen av Dalegubben enn til toppen av Skårasalen om du tek utgangspunkt i parkeringsplassen i Kvistaddalen.  Hugs også å ha med nok drikke, gode sko og varme klede i sekken.

Til helga(søndag) er det også Den Norske Turistforening sin Kom deg ut - dagen.  Då er det berre å gjere som leiaren i trimgruppa i Sæbø IL, Bodil Skare; Tjuvstart og ta turen til Dalegubben allereie fredag.  Bodil ynskjer alle velkomne til opningssermonien v/Kapteinskvia klokka ca. 1100 på fredag.

På fredag vil også Dalegubben få si eiga spektakulære facebookside.  Søk på Dalegubben 1344 moh.

_IGP7868b
Gjer som desse to unge herrane - ta turen til Dalegubben.