Vasstøylen.

Dei hardbarka turgåarane  denne måndagen var: Lars Petter, Kari, Rolfen og Bodil.

IMG_0043

Ved bommen på Kvistad står denne steinen som Jakob E. Kvistad løfta då han var 18 år gamal.

Den veg 398,5 kg.  

IMG_0044

Vi parkerte på parkeringa i Kvistaddalen der er det komt opp skilt no

- hit men ikkje lenger.

IMG_0045

Der beitar kyrne og saudene i godt lag.

IMG_0046

Mykje vatn i elvane, bra vi har gode sko.

IMG_0047

Råsa var og som ei lita elv for det meste.

IMG_0048

Saudene er i allefall reinvaska men eg trur dei lengtar etter sommarvarme.

IMG_0049

Ingen hestar å sjå der dei kvilte på si ferd til Kvamsedalen saudene hadde ikkje sett noke ta dei.

IMG_0051

Vi svinga av i "krysset" og gjekk vidare mot Vasstøylen.

IMG_0052

Ja her var det rikeleg med vatn, skulle vi bade tru?

IMG_0056

Blide turgåarar: Lars Petter, Kari og Rolfen. ut på tur aldri sur!

IMG_0057

Toppane hadde fått eit dryss av nysnøv.

IMG_0058

Vi tok runda nedom mot elva den var stor sjølvsagt.

IMG_0059

Hengebru?

IMG_0062

Ei gjetarbud, der var det godt lunt og tørt.

IMG_0063

Ein liten forvirra skapning sumde i råsa.

IMG_0064

So er det vist Lemen-år i år, dette er det tredje eg har sett på kort tid.

IMG_0065

Elvane brusar så no vert det billig straum!!!

Tusen hjertelig takk for (symje) turen, det var friskt.

Godt å kome heim til varm dusj!

No er det visst betre vèr i sikte, me fe ha trua!

Neste måndag vert det tur til Valsetheida denne turen er og med i programmet til Naturfestivalen.

VEL MØTT!