Hjørundfjord Filmteater tek turen til inst i Fjorden - til Bjørke og Leira for ei reprise av stumfilmkonserten “The Kid”. Det heile skjer under Indiefjord 2017.
For to år sidan lanserte vi nye, kule trykk av Kaule på Sæbø-T-skjorta, eit plagg som har fått tilnærma kultstatus i bygda opp igjennom åra.
Og no kom høve til å lage ein liknande T-skjorte, ikkje for Sæbø, men for Indiebygda Bjørke!
Fyrst måtte vi finne eit høveleg namn, og leita fram boka “Dei gamle orda inst i Hjørundfjåra". Forfattar Berta Saure vart også konferert, og vi hamna til slutt på Oppflòt, som betyr - oppstyr, optimisme. Noko som passar godt til både Indiefjord, og positiviteten i Hjørundfjorden generelt den siste tida.
Det vil vere eit svært begrensa opplag, og skjorta vil bli seld som kioskvare for Hjørundfjord Filmteater under stumfilmkonserten, samt på festivalområdet. Pris kr. 200.  T-skjorta er i skrivande stund i trykken, men her er eit bilete av omtrent slik ho vert sjåande ut ((design: Silja Haddal Mork))

19749746_10158882938270099_1249591181_o