Hjørundfjordportalen » Lokalt » Nedste skaret og Tua på Sæbøneset

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Nedste skaret og Tua på Sæbøneset

Endelig ein måndagstur med sol og sommarvèr.
I dei flottaste ovgjevnadane du kan tenke deg, vart det ein triveleg tur til topps på Tua på Sæbøneset.

Nedste skaret og Tua på Sæbøneset.

IMG_0001

Ja, no er skilta på plass og det er ingen tvil om vegen.

IMG_0002

Godt med folk møtte opp, klar for tur.

IMG_0003

Bratt med ein gong, det er råsa si det!

Det er i motbakke det går oppover.

IMG_0004

På rekke i den smale råsa.

IMG_0005

Det stig i høgda inni skogen, vi ventar på utsikta ei god stund endå.

IMG_0006

Rune er kjentmann og fortel om dei ulike namna og stadane på vegen opp.

IMG_0007

Vidare gjekk ferda.

IMG_0008

Under granene vart det ein liten pust i bakken.

IMG_0010

Ein liten stopp ved "lødetuftene" også.

IMG_0011

Ikkje plagsomt med fluge helder.

IMG_0012

Då var vi på nedste skaret.

IMG_0013

Flott utsikt !

Rune, Bente, Janneche, Rolfen, Kari, Lars Petter, Bodil, Fred, Rolf, Marit og Terje.

IMG_0016

Turledaren må kvile......

IMG_0019

Flott utsikt til Trandal, som ser like fredelig ut sjølv etter ei travel helg.

IMG_0020

Snart er vi ved øvste skaret.

IMG_0021

Her var råsa litt sleip, utfordrande nedatt men -den tid, den sorg....

IMG_0022

Theo fekk tenning på  ein hjort lenger nede, så når bandet losna fekk han premie for å kome rett på plass att.

Flinke du Theo.

IMG_0028

Då var vi oppe og her må boksa festast att, vi har ein plan.....

IMG_0030

Desse tre sprekingane er til saman 216 år, er ikkje det fantastisk vel?

Applaus til dei, det vert nok mange turar til på desse tre i åra som kjem.

IMG_0033

Fellesbilde på toppen: Terje, Kari, Rune, Bente, Marit, Rolfen, Rolf, Bodil, Lars Petter, Janneche og Fred.

IMG_0040

Ja vi må vel heimatt i dag og, rolig nedatt i dei sleipe partia.

Alle kom seg trygt ned.

IMG_0041

Utsikt innover fjorden til Lekneset, Viddal, Skår og Hustadneset.

Legg merke til at det regnar IKKJE på Viddal.

Tusen takk for ein flott tur, i eit triveleg lag.

Neste måndag er det tur til Vasstøylen og Langhorndalen.

VEL MØTT!

Lagt inn av
10.07.2017 22:12

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

22.okt.
(Hjørundfjord kyrkje)
23.okt.
(Gymsalen sæbø)
24.okt.
(Grendahuset)
25.okt.
(Gymsalen sæbø)
(Sæbø bedehus)
28.okt.
(Kapteinkvia)
30.okt.
(Gymsalen sæbø)
1.nov.
(Gymsalen sæbø)
(Sæbø bedehus)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1047 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 33 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

579 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2635743 besøk og 22352832 visningar totalt