Hjørundfjordportalen » Lokalt » Sommar på Sæbø

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Sommar på Sæbø

Laurdag 27. mai ønskjer vi sommaren velkomen til Sæbø.

Denne dagen vert det mykje aktivitet på Sæbø og vi har som vanleg tinga både sol og varme.

Plantedagen (gravdag) på Sæbø har lange tradisjonar. I fjor flytta vi dagen frå midtveke til laurdag og det vart ein suksess.

Utafor bedehuset vert det sal av sommarblomster og inne på bedehuset vert det sal av smørbrød og kaker.

Plantedag / matsal ope kl. 11.00 - 15.00

Gravdag

Mange unge familiar har flytta heim til Sæbø og dette er bygda svært glade for. Dei skaper liv og kjem med nye, gode idéear.

Laurdag 27. mai har nokre av dei tatt initiativ til eit bruktmarknad / "loppis" i Sæbø sentrum.

Dei som har ting (bøker, smykker, koppar, kar, leiker, klede og liknande) dei ikkje lenger har bruk for sjølv kan kome med eige bord, rigge seg til sjølv og selge tinga sine til eigen inntekt. Fleire kan sjølvsagt slå seg saman om eit bord. 

For oversikta sin del ber vi om påmelding til Anja Gjerløw Holen på tlf. 951 72 642 eller e-post anjaholen@hotmail.com 

Loppis / bruktmarknad ope kl. 11.00 - 17.00

Biletet her er frå bedehuset sin loppemarknad i haust.

Lopper

Sommar på Sæbø er og tid for sesongbutikken Nilsbuda. Ingen stad i mils omkrins finn du så mykje handarbeid og kunsthandverk samla under eitt tak som på Nilsbuda. Verdas vakraste utsikt og nydelege sveler finn du også her.

Ope kvar laurdag og søndag siste helga i mai, i juni og i august. I juli vil dei prøve å halde ope kvar dag.

Nilsbuda ope kl. 11.00 - 16.00

Inne

Endå eit sikkert sommarteikn er Strands bakeri. Dei opnar onsdag 24. mai.

Kvardagar ope 9.30-16.30. Laurdagar ope 9.30- 15.00.

Pinseafta ope 9.30-15.00. Kristi Himmelfartsdag ope 10.00-16.00.

Første og andre pinsedag ope 10.00-16.00.

Etter pinsehelga held dei stengt ei periode fram mot sommaren.

Prisane på biletet under er nok litt forelda, men varene dei sel her er verdt kvar krone.

Bakeriet

Eit nytt tilskot på Sæbø i vår er Butikken Glede. Også her finn du handarbeid av ymse slag og har du tid til ein kopp kaffi og litt å bite i kan du få kjøpe det her. Butikken vert open laurdag 27. mai kl. 11.00 - 17.00. 

Biletet er lånt frå Facebook.

Glede

Vi har tru på at dette skal verte ein svært kjekk dag på Sæbø og håpar mange tar turen.

Minner samstundes om at Sæbø har eit flott hotell, to campingplassar, to daglegvarebutikkar og gode turmoglegheiter for alle. 

Velkomne til vakre Sæbø!

Lagt inn av
12.05.2017 11:19

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

24.juli
(Eitrefjellet/ Valsetheida)
26.juli
(Sæbø)
30.juli
(Hjørundfjord kyrkje)
31.juli
(Bjønndalen)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1037 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 30 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

190 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2545934 besøk og 21708659 visningar totalt