Hjørundfjordportalen » Lokalt » Måndagstur til Rjåneskamben

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Måndagstur til Rjåneskamben

Ein perledag fekk vi på Rjåneskamben.
På sjølvaste 1 mai i strålande sol, gjekk starten på tursesongen.

Tur til Rjåneskamben.


Vi samkjøyrde frå Sæbø og møttest på parkeringsplassen på Rjåneset.

IMG_9538

Folksomt vart det, vi var 17 som sette kursen mot målet.

IMG_9539

Krysse vegen kan vere den skumlaste biten på denne turen, men det gjekk bra.

IMG_9540

Torine heldt god fart og vart raskt "haren" i flokken

IMG_9542

Det gjekk beint og roleg skrått i omlag 10 meter, så er det rett opp!

IMG_9543

Kusymra blomstra her i skogen

Kusymre som heiter Primula (vulgaris) som betyr "den første om våren"

IMG_9544

Fin utsikt allereide etter kort gange. Her er ein bålplass.

IMG_9546

Roy og Torine på utsiktplassen.

IMG_9547

Janneche går i singlet som fleire av oss, det vart veldig varmt i skogen oppover råsa.

IMG_9548

Bratt rås langs heile ryggen.

IMG_9550

Torine måtte smøre seg med tolmod, for vi andre gjekk ikkje like fort som ho, men ho venta så blid på oss.

IMG_9551

Alle var blide i det fine vêret, Torine, Anna, Bernt Arve, Tonje og Roy.

IMG_9552

Kvitt på  toppane, knallblå himmel og strålande sol, kan ein ynskje meir?

IMG_9553

Lang rekke nedover i råsa men utsikt til Rjåneset og Raudøya.

IMG_9554

Torine ved skiltet der ein kan gå ned til Rønneberghola.

Der nede er plassen som karar frå motstandsrørsla hadde ein tilhaldstad, Erling Rønneberg, Sverre og Knut Flåskjer, med fleire. Dei hadde leirplass og lyttestasjonen "Turid" , no er der sett opp ein minneplakett.

IMG_9557

Små pauser måtte til i varmen, det var flott utsikt til alle kantar så litt "snapping" vart det.

IMG_9559

Somme stadar var det brattare enn andre, og litt sleipt også, men for det meste tørr og fin rås.

IMG_9561

Torine med utsikta innover mot Ørsta i bakgrunnen.

IMG_9563

Eitt er sikkert, når det er bratt går det raskt oppover, no nermar vi oss toppen.

IMG_9565

Anna og Torine klatrar opp med lette steg.

IMG_9567

Her kjem "stråda" klatrande oppover bratta

IMG_9568

No er toppen like rundt "hjørnet"

IMG_9569

Best å sjå til at alle kjem seg trygt opp her.

IMG_9570

Rett opp, og rett ned, jadda her går det fint.

IMG_9571

Sprekingar i himmelsjå.

IMG_9574

No er alle trygt oppe på toppen.

IMG_9575

Vakker varde.

IMG_9576

Flott utsikt utover mot "Øyane"

IMG_9577

Lettkledde turgåarar i fotomodus.

IMG_9581

Risedamer: Bodil, Kari, Helga og Elisabeth.

IMG_9584

Hustadsøsken; Elsa, Rigmor og Bernt Arve.

IMG_9585

Anna, Ann Helen, Tonje, Janneche, Haldis, Elisabeth og Helga.

IMG_9578

Fellesbilde: Helga, Kari, Elsa, Elisabeth, Tonje, Bernt Arve, Rigmor, Ann Helene, Siw, Torine, Roy, Ingebjørg, Janneche, Anna, Bodil, Haldis og Ståle.

IMG_9589

Ståle var los vidare nedatt ein annan veg.

IMG_9592

Nemlig, her blir det å sjå etter orm...

IMG_9595

Denne råsa er mykje slakkare

IMG_9596

Elisabeth og Helga prøvar sessane ved....

IMG_9598

Haukarsteinen. 

IMG_9600

Vegen rett under oss men endå er det eit stykkje att.

IMG_9601

ja dette var... nettopp- Ormedalråsa, ikkje ein orm å sjå, skuffa???

IMG_9602

Med sola i ryggen gjekk vi nedover siste biten,så litt etter gangvegen tilbake til parkeringa

IMG_9560

Ja var ikkje dette ein flott tur så veit ikkje eg. Flott utsikt

Neste tur vert "Panoramavegen i Vatnedalen, start ved bommen nedom Bjørdalskiftet.

Takkar for laget og vel møtt til neste tur

Lagt inn av
01.05.2017 22:41

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

28.mai
(Sæbø kai)
29.mai
(Gunnar-råsa /Åse-råsa)
4.juni
(Hjørundfjord kyrkje)
5.juni
(Olavsdalen)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1035 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 38 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

578 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2488480 besøk og 21296303 visningar totalt