No har Sæbø IL fått mange fine og gode prøvekle frå Hummel. 10 forskjellige plagg for ein kvar smak. Det er G-sport Ørsta som er vår leverandør dei neste 4 åra. I første omgang er det overtrekkskle og div jakker vi skal bestille. Drakter kjem etter kvart. 

Desse kleda har vi bestillt:
Treningsjakke kr 385/350
Treningsbukse smal modell kr 315/280
Treningsbukse litt vidare modell kr 315/280
Hettegenser kr 385/350
Zip treningsgenser kr 385/350
Lett microfiber jakke kr 420/385
Lett microfiberjakke dame kr 420
Funksjonell jakke kr 560
Allværsjakke kr 700
Stadionjakke kr 840

Størrelsane begynner på 116 til xxl. Nokre modellar får vi også i xxxl. Vi har bestillt inn alle størrelsar i treningsjakke/bukse, og ellers berre ein størrelse, men ulik størrelse i dei forskjellige ytterjakkene. 
Stadionjakka og funksjonelljakka leverast berre i svart. Ellers raude overdelar og svarte bukser. 

Prisane ovanfor er inkl 30% rabatt som vi får ved alle kjøp som idrettslaget gjer. I tillegg kan prisen bli litt endra i forhold til om dei ulike gruppene i idrettslaget vel å sponse litt. 
Høgaste prisen er vaksenstørrelsar og minste pris barnesørrelsar.

Om nokon vil ha printa på navn kjem den kostnaden i tillegg. Ca-pris for dette er kr 8 pr bokstav u/mva viss bokstaven er 3cm (kr 7,65 for 2,5cm). 

På ryggen vil det stå Sæbø IL og det vil ellers komme nokre andre sponsorprint på. Dette er ikkje heilt klart enno. 

Møt opp på klubbhuset for prøving og bestilling:

Mandag 22/5 frå 17.30 til 21
Tirsdag 23/5 frå 18-20

IMG_8530