Hjørundfjordportalen » Lokalt » Vikar på Sæbø legekontor for fastlege Hanne

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Vikar på Sæbø legekontor for fastlege Hanne

Hanne Botnen er no ute i utdanningspermisjon i ca. eit år. Det er no kome ny lege. Den nye legen heiter Håvard Ramsli og skal vikariere for Hanne i ca. eit år.

I Hanne Botnen sitt permisjons fråvær, er det komen ny lege på sæbøkontoret. Legen er ny, men legesekeritæren er den same, og Elisabeth Årseth Dimmen svarer på spørsmål om du har noken.

Eit spørsmål som dukkar opp, er om ein må søke ny fastlege no, og der er svaret greit; Hanne Botnen er fortsatt fastlegen og vil kome tilbake etter permisjon om ca 1 år.

Den nye legen, Håvard Ramsli, er ein erfaren lege på 40 år som har praktisert  sidan 2002. I den seinare tid har han hatt privat praksis innan sjøfartsmedisin og kjenner mykje folk frå Bondalen og Hjørundfjorden. Han bur i Volda i lag med kone og 3 born.

Håvars Ramsl3 fastlege Sæbø 17

Håvard Ramsli (40) er på plass på Sæbø legekontor som vikar for Hanne Botnen. Han
er no den 5. legen etter dokter Hame. Men om han er den siste på kontoret, vil han
ikkje spekulere i. Det er politikk, seier han.


Håvard trivst godt i sin nye jobb og det er litt ekstra stas å få jobbe på Sæbø kontoret sidan han i sin
oppvekst var ein del på Sæbø og besøkt tante og onkel på hytta i Sæbønesstranda. Her fekk han også anledning å drive med si interesse å fiske laks i Bondalselva. Det er mange gode minner som kjem fram
no når han får god anledning å snakke og å verte kjende med folk frå Bondalen og hjørundfjordbygdene.

Lagt inn av
28.04.2017 14:37

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

24.sep.
(Sæbø bedehus)
25.sep.
(Frølandsetra)
(Gymsalen sæbø)
27.sep.
(Sæbø bedehus)
(Gymsalen sæbø)
30.sep.
(Hjørundfjordheimen)
1.okt.
(Sæbø bedehus)
(Sæbø bedehus)
(Hjørundfjord kyrkje)
2.okt.
(Gymsalen sæbø)
4.okt.
(Gymsalen sæbø)
(Sæbø bedehus)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1047 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 37 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

597 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2606957 besøk og 22136980 visningar totalt