Hjørundfjordportalen » Lokalt » "Til alle tider" - Konsert i Hjørundfjord kyrkje komande søndag kl.19.

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Annonse

"Til alle tider" - Konsert i Hjørundfjord kyrkje komande søndag kl.19.

Førstkomande søndag, 09 april, inviterer Venche Leite, Marie Austrheim Riise og Leiv Arne Nydal til konsert i Hjørundfjord kyrkje. Konserten har fått navnet «Til alle tider» og har vore spelt i Ørsta kyrkje tidlegare i vinter. No gjentek dei tre musikarane suksessen og bur seg til ny konsert i Hjørundfjord kyrkje

Førstkomande søndag, 09 april, inviterer Venche Leite, Marie Austrheim Riise og Leiv Arne Nydal til konsert i Hjørundfjord kyrkje. Konserten har fått navnet «Til alle tider» og har vore spelt i Ørsta kyrkje tidlegare i vinter. No gjentek dei tre musikarane suksessen og bur seg til ny konsert i Hjørundfjord kyrkje. Publikum kan gle seg til ein stemningsfull konsert med viser, salmar og eigenkomponert musikk på repertoaret. Venche og Marie har også nyleg skrive ein heilt ny song som dei vil framføre. Dei to kvinnene har hatt fleire konsertar og oppdrag i lag, både her på Sunnmøre men også i andre delar av landet.


Venche Leite har gjennom ei årrekke arrangert konsertar både i Ørsta, Vartdal 

og Hjørundfjord. I tillegg er ho ofte nytta som solist i både gravferder, bryllup og gudstenester, men også på andre tilstellingar, som freelancemusikar.  På konserten får vi høyre henne synge vakre salmar og viser.  Venche har også sjølvskriven musikk med seg denne kvelden og vi får mellom anna høyre hennar vakre song "Den største gåva". 


Marie Austrheim Riise er musikar og komponist og har etter musikkstudia i Oslo hatt sitt virke somkantor i Ørsta kyrkje og som freelancemusikar. Ho vert ofte nytta som musikar og solist på konsertar og har mange oppdrag som akkopagnatør til ulike tilstellingar. Marie komponerer også eigen musikk. På konserten får vi høyre fleire komposisjonar som ho har skrive siste tida. Ein av dei er songen "Sol og håp og vind", med tekst av Jan Inge Sørbø, som vart komponert og framført til fjorårets konfirmantar i Ørsta kyrkje.


Leiv Arne Nydal er ein allsidig musikar, opprinneleg frå Volda, som no bur på Hareid.

Leiv Arne har sine musikalske røter i Norsk folkemusikk og har vore med i fleire spelemannslag og delteke i fleire landskappleikar. Han er mykje nytta som musikar til ulike konsertar og tilstellingar på Sunnmøre. På konserten vil Leiv Arne mellom anna framføre  "Bruremarsj frå Ørsta" og den vakre "Bruremarsj frå Sørfold" saman med Marie. Arrangementa på songane får ein heilt spesielt dimensjon med Leiv Arne sitt nydelege og vare spel.


No gler dei tre musikarane seg til å halde konsert søndag, og dei lovar ein konsert med vakre perler og spanande arrangement. Dette vert ein fin konsert som ein kan ta med seg inn i påskeveka. Vi oppfordrar sjølvsagt alle Hjørundfjordingar til å kome på konserten, men vi vonar også at ørstingar og voldingar tek turen til vakre Hjørundfjord kyrkje denne kvelden.

 

Hjarteleg velkomen! 

Bill.: 200,-

ARR.

Lagt inn av
04.04.2017 13:27

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

24.des.
(Hjørundfjord kyrkje)
25.des.
(Hjørundfjord kyrkje)
29.des.
(Sæbø bedehus)
31.des.
(Hjørundfjordheimen)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1050 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 14 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

247 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2683266 besøk og 22714507 visningar totalt