Vi har fått ein ny folkesjukdom: Vi kjenner oss ikkje gode nok. Og vi skaffar oss stadig nytt utstyr til å overvaka oss sjølv, med pulsklokker, BMI-målingar og alle slags testar. Slik munkane i si tid piska seg sjølv og nekta seg mat, regulerer vi kosthald, trening og arbeid. Vi er heller ikkje vakre nok, difor brukar vi fleire kirurgiske tenester for å forbetra oss.

Kva kjem dette av?

Tor-Johan Ekeland vil freista å forstå dette moderne fenomenet, at så mange gjerne vil retta på og forbetra seg sjølv. Ekeland, som vaks opp som på Sæbø, er professor i psykologi ved Høgskulen i Volda, og er oppteken av korleis trendar i samtidskulturen verkar inn på liv og helse. Han drøftar dette i ein samtale med kollega Jan Inge Sørbø.

Det å forbetra kropp, sjel og prestasjonar, er blitt ein stor industri. Folk brukar store summar på å endra kroppen, og det kjem nesten dagleg nye teknologiar for å måla tilstanden. Også i skule og barnehage ser vi at måleteknikkane får større og større plass. Lærarar og helsepersonell skal hjelpa til i strevet med å bli betre.
Kyrkjeakademiet har valt å sjå denne problematikken opp mot reformasjons-jubileet. Eit tema der er «nåden», det at ein kan få noko gratis og vederlagsfritt. Luther, som gjorde dette til ei hovudsak, brukte mange år til å gjennomføra harde kurar i klosteret, med faste, nattevaking og askese. I dag er ikkje klosteret, men treningsstudio som er arenaen for harde øvingar. Men kvifor blir vi aldri gode nok?

I Luthers tid og tilfelle var det otten for ein streng Gud som motiverte til sjølvstraffing og disiplin. I dag spelar denne tanken ei mindre rolle. Religionen er mindre sentral, og forkynninga er mildare. Men når dette strenge blikket blir borte, har vi funne ei erstatning: Vårt eige strenge blikk. Og for mange blir dette så strengt at dei får alvorlege problem.Kva kjem dette av, og korleis kan vi møta dette?

Ørsta Kyrkjekor blir med på arrangementet, og framfører nokre nye tekstar om prestasjonspress og nåde, med tekst av Sørbø og musikk av Marie Austrheim Riise. Og i tillegg syng vi Luthersalmar om temaet.

Velkomen!