Det er dessverre eit problem også i landbruket - for mykje plast, og spesielt rundballeplast, kjem på avvegar og hamnar til slutt i havet.  Fleire, både gardbrukarar og andre, har reagert på at det vert meir og meir rundballeplast å sjå langs vegar og elvar, gjerne hengande i eit tre.  Dette vil Hjørundfjord bondelag gjere noko med. 

No i helga, 21. - 23. april, oppmodar Hjørundfjord bondelag alle gardbrukarar i Bondalen om å gjere ein innsats slik at mesteparten av rundballeplasten vert fjerna frå stadar han ikkje skal vere.

IMGP0266b _IGP6371b

Det vert meir og meir bruk av rundballar.
Heldigvis
har vi bønder blitt
flinkare til å ta vare på plasten..

Likevel hamnar ein del plast der han
ikkje skal
vere. Difor ryddar bøndene
no på dugnad.

Det er altså Hjørundfjord bondelag som står bak dette initiativet om å rydde plast her i Bondalen, men vi oppmodar alle aktive bønder om å vere med på denne ryddeaksjonen - også bønder som ikkje er medlemar av Norges bondelag.

Vi tenkjer oss at ryddinga vert gjort på denne måten:

1:  Vi plukkar rundballeplast sjølve i våre nærområde, dvs. på stadar der vi har lagra rundballar og langs køyreruta til fjøsen. Dette gjeld alle gardbrukarar.

2:  Vi ryddar langs våre vegar/"våre" kommunale vegar.

3.  Vi ser etter om det er rundballeplast langs elvebarden til Bondalselva der vi er grunneigarar.  I praksis vil det seie at vi som er gardbrukarar her på Årset ser etter- og fjernar rundballeplast som ligg langs elva her og t.d. gardbrukarane på Aklestad fjernar rundballeplast langs elva på Aklestad sin grunn.

Vi tillet oss setje opp desse personane som ansvarleg for ryddinga i sine område: (Det betyr på ingen måte at det er desse gardbrukarane som har "rota" mest til.)

Riseområdet og Årskogane:               MagneRiise

Aklestad/Frøland:                             Arve Svoren
Myrholen:                                        Kenneth Myrhol
Stokke:                                           Linda Stokke
Villane/Tryset:                                  Jørund Mo
Eidet:                                              Lars Molvær
Rekkedal/Valset/Tvergrov                  Lars Olav Tvergrov/Samdrifta
Årset:                                              Knut Hustad
Kvistad:                                           Jon Åge Solhaug
Mo:                                                 Audun Mo
Hustad:                                           Anne Kristin Hustad

De som ikkje er nemnde her: Ta kontakt med leiaren i dykkar område og avtal reint praktis korleis ryddinga skal foregå.  Om ikkje de tek kontakt vil nok leiaren ta kontakt med dykk. :)

Det hadde vore kjekt om all rydding av plast vert gjort no i løpet av helga. Men skulle det verte snø ryddar vi straks snøen er borte igjen.  
Mange vil nok oppdage at det ligg ein del gamle synder, dvs. fleire år gammal rundballeplast både her og der, men fjernar vi alt no vil det verte mykje lettare å plukke opp etter oss når ein ny rundballesesong startar no til sommaren.

På facebook er der ei side som heiter Bønder i Hjørundfjorden.  Meld gjerne ifrå der, gjerne med eit foto i tillegg, når ryddinga i ditt område er gjennomført.  Ev. kan de også melde ifrå på sms til underskrivne sin telefon - 920 39767.

Det ligg mange store og små plastbitar ute her i Bondalen.  Hjørundfjord bondelag oppmodar i aller beste meining alle aktive bønder om å vere med på denne dugnaden.

Tusen takk.

P.s.:  Om det vert mykje plast og de ikkje har nokon stad å gjere av han så har Lars Olav sagt at vi berre kan køyre han fram til samdrifta på Rekkedal.  Der har dei hydraulisk presse  til plasten og så vert "plastballane" etter kvart køyrt til VØR der dei høyrer heime.

Og:  Ein del av oss har allereie rydda rundballeplast, men meir ventar. :)