Hjørundfjordportalen » Lokalt » Hjørundfjord Mannskor debuterte på Heimen!

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Hjørundfjord Mannskor debuterte på Heimen!

Det nystarta koret opptrådde for fyrste gong!

Hjørundfjord Mannskor er no for alvor i gong. Tanken på eit mannskor vart modna i fjor, og frå januar i år har det vore fast øving på Bedehuset kvar mandag. Vi ynskte oss primært ein kvinneleg dirigent, aller helst frå Oceanea. Det passar difor svært bra at den eminente Janine Berg har tatt denne rolla, noko ho gjer på ein framifrå måte. Ho gjer ein betydeleg innsats, og legg mykje arbeid i førebuing og gjennomføring av øvingane. 

Mannskoret samlar 20 mannfolk i alderen 27 til 77. Vi prøvar å kombinere det sosiale med det musikalske, i ei god blanding. Musikken skal ikkje vere for stiv, men tøff og sjarmerande, og med bra trøkk! 

Søndag 02.04 var det tid for aller fyrste offentlege opptreden, og nervane var sjølvsagt til stades hos nokon og ein kvar, men vi trur dette gjekk bra!. "Bondalssongen" (6 vers), "Dona Nobis Pacem" og "Amazing Grace" vart framført for eit begeistra publikum. Av naturlege grunnar vart det ikkje ståande applaus, men vi trur det fall i god smak. 

Vi sjåast kanskje til 17. mai? 

IMG_3051

IMG_3066

IMG_3074

Lagt inn av
02.04.2017 20:21

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

26.juni
(Tua på Hustadneset)
2.juli
(Hjørundfjord kyrkje)
3.juli
(Høgenausa)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1035 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 33 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

558 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2516107 besøk og 21517033 visningar totalt