Torsdag 27.04 er det siste framsyning på Hjørundfjord Filmteater for våren 2017. 

Vi vil bruke høve til takke for semesteret der vi har hatt mange ulike filmar, og  jamt over godt besøk. Sjølvsagt blir det litt variabelt i ei lita bygd, men som regel er det 15-20 personar på framsyning, noko som er bra til filmklubb å vere. Ein god del kjem frå Ørsta, Volda og andre plassar. Stumfilmkonserten hadde to fulle visningar, med over hundre betalande publikum. No vert det reprise på Indiefjord-festivalen, for dei som ikkje fekk det med seg. 

Vi held på med program for hausten 2017, og trur det blir mykje å sjå fram til der. Vi har no eit svært bra teknisk utstyr på Sæbø Bedehus, i tillegg til utekinoutstyr. Kva blir det neste? Vent og sjå ;) 

Vårens siste framsyning på Hjørundfjord Filmteater, og vi tar sommarferie med stil! 
Denne dokumentaren tar for seg forteljinga om Martin Strel - ein svært eksentrisk og uvanleg mann som har som virke å symje verdas lengste elver - Mississippi, Chang Jiang, Donau....i denne filmen skal han og teamet hans prøve seg på AMAZONAS, ei elv full av krokodillar, slangar og andre dødelege skapningar. Det heile blir svært spennande og dramatisk. Særleg når Martin er i midten av 50-åra, overvektig og med svært høgt alkoholinntak, samt ofte symjer i berre trusa! 
Vi brukte lang tid på å skaffe oss rett til å vise denne filmen, og har til slutt fått tak i ein god kopi. Vi måtte heilt til London, og eit lite distribusjonsselskap der. Versjonen har diverre kun ENGELSK TEKST, men dei snakkar sakte og tydeleg og det burde ikkje vere problematisk å få med seg handlinga. 
Dette er ein ganske så unik film, der ein går frå latter og pannerynking, til tårar... 
Arrangementet er ikkje ein del av DOKFILM, sjølv om tidspunktet er sammanfallande. Vi tør uansett å påstå at dette er den tøffeste og sprøaste dokumentaren du får sjå heile helga! 
Introduksjonsforedrag før filmen og kiosken er open! :) 

BRG

Copyright: Salt entertainment.