Hjørundfjordportalen » Lokalt » Aprilprogrammet på Hjørundfjord Filmteater!

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Aprilprogrammet på Hjørundfjord Filmteater!

Påskekrim for små og store, samt fantastisk dokumentar om langdistansesymjing i Amazonas!

APRIL-programmet på Hjørundfjord Filmteater, dei siste tre framsyningane i vår før vi tar sommarpause!

Onsdag 12. April har vi dobbel påskekrim, fyrst ein film for dei litt større barna kl 17.00 med klassikaren HVEM LURTE ROGER RABBIT? frå 1988. Filmen var ein kritikar- og publikumsfavoritt da den kom, og er ein heilsprø detektivhistorie for både små og store, der levande skodespelarar og teikneseriefigurar spelar saman side om side. Filmen er nok litt for valdsam for dei minste, men kan sjåast saman med foreldre for dei som er 7 år og oppover, filmen har aldersgrense 9 år.

Rober R


Same kveld, kl 19.30, er det påskekrim for vaksne med TINKER, TAILOR, SOLDIER, SPY frå 2011, basert på romanen med namn av John le Carré. Dette er ein spionthrille med handling frå den kalde krigen, der den pensjonerte superagenten Smiley må finne ut kven i den innerste sirkelen av britisk etterretning som er ein muldvarp - og derfor arbeider for fienden. Ein kompleks og handlingstett film der du verkeleg må halde tunga rett i munnen.

tinker

Heilt til slutt i vår er det tid for våren sin andre og siste filmsalong med dokumentaren BIG RIVER MAN frå 2007. Vi brukte lang tid på å få tak i denne filmen, med rettighetshavere i England. Dette er ein morosam, underhaldande, fascinerande og ikkje minst inspirerande film om ein mann som….ja...verkeleg er noko for seg sjølv. Stikkord: Svømme Amazonas på langs i speedotruse, når du er ein overvektig mann i 50-årene med eit alvorlig alkoholoverforbruk. Dette er ei reise du seint  kjem til å gløyme!

big river man

Lagt inn av
04.04.2017 22:30

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

26.juni
(Tua på Hustadneset)
2.juli
(Hjørundfjord kyrkje)
3.juli
(Høgenausa)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1035 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 31 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

562 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2516111 besøk og 21517105 visningar totalt