Hjørundfjordportalen » Lokalt » Velkomen til minibokhandelen i kyrkja!

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Velkomen til minibokhandelen i kyrkja!

Søndag 5. mars opna den nye minibokhandelen i Hjørundfjord kyrkje. Det er Hjørundfjord sokneråd som står bak prosjektet.

«Vi i soknerådet har bestemt oss for å teste ut eit nytt konsept her i kyrkja,» sa Regine Aklestad då ho presenterte prosjektet etter gudstenesta søndag. «Vi ynskjer å gjere kristen litteratur lettare tilgjengeleg for folk og håpar minibokhandelen vår kan inspirere små og store til å lese og lære».  I bokhandelen som er plassert bakarst i kyrkjerommet kan ein mellom anna finne billedbøker med forteljingar frå Bibelen, gåvebøker, ungdomsbøker, andaktsbøker og fordjupningslitteratur for vaksne. «Her er det fleire fine faddergåver til både små og store born», tipsar sokneprest Espen Aarseth.

Sortimentet er avgrensa, men soknerådet har prøvd å plukke ut nokre godbitar for ulike aldersgrupper. Utvalet vil variere og bytast ut over tid.

Heilt praktisk fungerer opplegget slik: inni kvar bok er det lagt ein giro. Dei som har lyst til å kjøpe ei bok tek den med seg heim og betalar giroen med ein gong. Prisen på bøkene er den same som innkjøpsprisen, så dette er ikkje noko soknerådet skal tene pengar på. «Ta ein titt neste gong du er i kyrkja!», oppmodar Regine og Espen på vegne av soknerådet.

Har du spørsmål om prosjektet eller tips til fleire gode bøker kan du ta kontakt med soknerådet ved Lisbet Vatne Nielsen (47688650), Siw Bjørdal Lillebø (95247709) eller Regine Aklestad (47665648).

Lagt inn av
05.03.2017 20:16

Kommentarar

(13.03.17 kl. 21:31)
For eit fint bilde i ingressen. Her kunne no fotografen fått namnet sitt fram !
Ivar Svein Mo

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

28.april
(Bondalen grendahus)
(Hjørundfjord kyrkje)
29.april
(Leira)
1.mai
(Sæbø sentrum)
5.mai
(Sagafjord Hotell, Sæbø)
7.mai
(Hjørundfjord kyrkje)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1033 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 47 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

561 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2454645 besøk og 21082371 visningar totalt