Barneidretten på Sæbø har frå januar til mars arrangert 8 skirenn på Bondalseidet i samarbeid med Telenor karusellen. 47 born har delteke mandagane kl 18.00 - 19.30. Borna har gått ei runde på ski og komt I mål og fått varm saft til slutt.  I mangel på snøv eit par gongar, vart det haudelykttur til hjertebenken på Sæbø. 

Måndag 20 mars var det avslutning for skirenna. Då fekk 47 born overrekt diplom og pokal for flott insats på skirenna. Etterpå var det sjokoladekake frå Westre bakeri, sponsa av Sparebank1, og saft. 

For dei som ville renne slalom i barnetrekket var det ope, og tusen takk til vaktene Odd Rune Walseth og Rolfen. Kjekt at så mange born frå Hjørundfjorden har hatt det kjekt ilag med oss på ski. Satsar på nye renn til neste vinter.

For Barneidretten

Lisbet Vatne Nielsen

-Skrivar-