Stikkord for denne månaden er kvalitet, alle tre filmane held svært høgt nivå og vil garantert gi deg noko å reflektere over.

Årets første FILMSALONG er torsdag 23.mars. På Filmsalongen viser vi klassikarar, dokumentarar, kultfilmar og andre filmskattar. Denne dagen skal vi sjå Terrence Malick sin TREE OF LIFE. Filmen vann Gullpalmen i Cannes i 2011, og er ein svært ambisiøs og storslått dramafilm. Kjente skodespelarar som Brad Pitt og Sean Penn. Filmen er uvanleg billedskjønn og poetisk, filosoferande og stiller mange spørsmål. Av mange rekna som eit meisterverk. Sjå eiga hending: https://www.facebook.com/events/1757324984585082/

tree-of-life69

Søndag 26.03 er det barnevisning, og eit kanonbra opplegg med kortfilmen DEN DANSKE DIKTEREN fyrst, ein Oscarvinnende norsk/canadisk film frå 2007. Så fylger klassikaren MIN NABO TOTORO. Denne japanske sukkerbiten er nyleg kome i nyutgiving med nye norske stemmer. Den passar for alle og har ingrediensene på plass - morosam, spanande, rørande og med skikkeleg bodskap og innhald.

den danske dikteren

min nabo totoro