Nei, Kanutte(Nutte) og Dagfinn(Daffa) kan ikkje love sol og skyfrie dagar kvar dag, men dei kan love at dei held ope heile påska og at "sola" i midten av skulebollane er gul, stor og vakker.

_IGP3502c
Dei runde hjørundfjordbrøda er favorittbrødet til mange.  Dakar Dagfinn har
rikeleg med ferske brød av alle sortane han lagar.

I dag kan du igjen handle ferske bakarvarer i butikken/kafeen til Strands bakeri på Sæbø, bakeriet som ligg rett ved ferjekaia.  Her kan du få kjøpt i alle fall seks ulike sortar brød, gjerne så ferske at dei enno er varme.  I tillegg kan du få kjøpt skulebollane og alle dei andre sortane som vi veit brukar å vere der.

Bakeriet har også eigen kafe der du kan få kjøpe kaffi og anna drikke i tillegg til bakarvarene.

Opningstidene vert slik:

Kvardagar:                  Klokka  1000  -  1630

Laurdagar:                  Klokka  0930  -  1500

I tillegg til dette vil bakeriet halde ope både Skjærtorsdag, Langfredag og

1. og 2. påskedag.  Opningstidene på desse dagane vert frå klokka

                                             1000  -  1600

Sjølvsagt  ynskjer  Kanutte og Dagfinn  både nye og gamle kundar hjarteleg velkomne.