Hjørundfjordportalen » Lokalt » Bakeriet har opna

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Bakeriet har opna

Etter nokre lange og heller grå vintermånadar, har Strands bakeri på Sæbø opna dørene for påskesesongen....

Nei, Kanutte(Nutte) og Dagfinn(Daffa) kan ikkje love sol og skyfrie dagar kvar dag, men dei kan love at dei held ope heile påska og at "sola" i midten av skulebollane er gul, stor og vakker.

_IGP3502c
Dei runde hjørundfjordbrøda er favorittbrødet til mange.  Dakar Dagfinn har
rikeleg med ferske brød av alle sortane han lagar.

I dag kan du igjen handle ferske bakarvarer i butikken/kafeen til Strands bakeri på Sæbø, bakeriet som ligg rett ved ferjekaia.  Her kan du få kjøpt i alle fall seks ulike sortar brød, gjerne så ferske at dei enno er varme.  I tillegg kan du få kjøpt skulebollane og alle dei andre sortane som vi veit brukar å vere der.

Bakeriet har også eigen kafe der du kan få kjøpe kaffi og anna drikke i tillegg til bakarvarene.

Opningstidene vert slik:

Kvardagar:                  Klokka  1000  -  1630

Laurdagar:                  Klokka  0930  -  1500

I tillegg til dette vil bakeriet halde ope både Skjærtorsdag, Langfredag og

1. og 2. påskedag.  Opningstidene på desse dagane vert frå klokka

                                             1000  -  1600

Sjølvsagt  ynskjer  Kanutte og Dagfinn  både nye og gamle kundar hjarteleg velkomne.

                                

Lagt inn av
31.03.2017 09:24

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

19.aug.
(Sæbø kai)
20.aug.
(Sæbø kai)
21.aug.
(Klokkura/Tryvatna)
26.aug.
(Sæbø kai)
27.aug.
(Hjørundfjord kyrkje)
(Sæbø kai)
28.aug.
(Bondalsbakken.)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1041 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 23 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

449 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2569205 besøk og 21865142 visningar totalt