Hjørundfjordportalen » Lokalt » Velkomen til nytt semester med Hjørundfjord barnekor

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Velkomen til nytt semester med Hjørundfjord barnekor

Vil DU vere med å synge i kor? I Hjørundfjord barnekor har vi det veldig kjekt i lag. Vi får lære nye songar, vi får synge solo og vi får leike oss i lag! Barnekoret er frå 1.klasse og oppover.

Dirigent Marie Austrheim Riise er tilbake frå morspermisjon og ynskjer velkomen til alle nye og gamle songarar i Hjørundfjord barnekor. Vi har eit spennande semester foran oss og vi skal  synge gamle songar og lære mange nye songar. Vi har det veldig kjekt i lag på kor og vi har lyst å ha med DEG i koret vårt! Vi øver kvar torsdag på Sæbø bedehus frå kl.15.00-16.00.

Det er ope kl. 14.45 på bedehuset. Då har har borna tid til evt. å ete mat før korøvinga. Ta difor med matpakke og drikke.

Vi skal vere med på fleire arrangement i løpet av semesteret. Vi skal m.a synge på tre gudstenester, synge på Hjørundfjordheimen og ha konsert.

Barnekoret er frå 1.klasse og oppover.

Spørsmål? Ta gjerne kontakt med dirigent Marie Austrheim Riise på tlf: 45235996 eller send meg ein epost: marie.austrheim@orsta.kyrkja.no

Bli med på kor komande torsdag. Vi sjåast!

Dirigent,
Marie Austrheim Riise

Lagt inn av
02.02.2017 10:30

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

28.april
(Bondalen grendahus)
(Hjørundfjord kyrkje)
29.april
(Leira)
1.mai
(Sæbø sentrum)
5.mai
(Sagafjord Hotell, Sæbø)
7.mai
(Hjørundfjord kyrkje)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1033 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 36 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

561 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2454645 besøk og 21082291 visningar totalt