Det vert ungdomskveld på grendahuset fredag 13.01.17 frå 18.30 til 22.00. Dette er eit tilbod til ungdom i alderen 7. kl til 18 år om å samlast og ha det kjekt ilag.

Aktivitetane vi har er airhockey, biljard, bordtennis, og diverse spel (både tv-spel, brettspel og kortspel). Ungdommane skal ikkje ta med pc eller spelemaskinar sjølve.

Inngongspengar : 20 kr - og vi har open kiosk med chips, brus og anna snop.

Vi henter og bringer til og frå fergekaia om det er behov for det (ta kontakt med Åse-Lill dersom du treng skyss)

Dersom du er forelder til ein av dei aktuelle ungdommane og har lyst til å vere med ein kveld og hjelpe til, så berre gje beskjed til oss :)

Vel møtt til ein hyggjeleg kveld! :)