Hjørundfjordportalen » Lokalt » STUMFILMKONSERT - The Kid (1921)

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

STUMFILMKONSERT - The Kid (1921)

Stumfilm med levande musikk på Fastelavenssøndag på Hjørundfjord Filmteater!

Stumfilm på Sæbø? Det må vere noko sære greier?! Nokon er sikkert skeptiske, men som Frank Zappa ein gong sa: Sinnet ditt er som ein fallskjerm, det virkar ikkje om det ikkje er ope.

Vi i Hjørundfjord Filmteater vil faktisk seie at dette blir ein svært folkeleg framsyning. Charlie Chaplin er ein av dei aller mest ikoniske personane frå heile 1900-talet. Eit umiskjennleg symbol på bittersøt komikk og den lille mannen sin kamp mot overmakta.

The Kid, eller Småen som den vert kalla på norsk, er hans første langfilm, dog den varer berre omlag ein time. Historia er inspirert av Chaplin selv, og oppveksten hans i fattige kår i London på slutten av 1800-talet. Samspelet med guten, som han noko ufrivillig må bli reservepappa for, står framleis som noko av det beste som er vist på film.

Musikken vil vere forskjellig melodiøs jazzmusikk frå stumfilmalderen, det vil seie 20 og 30-talet, på piano og saksofon.  

Filmen visast på Fastelavenssøndag, og vi lager sjølvsagt til med sal av bollar og saft, i tillegg til popcorn då sjølvsagt!


the kidddddddd

Lagt inn av
28.01.2017 18:07

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

22.okt.
(Hjørundfjord kyrkje)
23.okt.
(Gymsalen sæbø)
24.okt.
(Grendahuset)
25.okt.
(Gymsalen sæbø)
(Sæbø bedehus)
28.okt.
(Kapteinkvia)
30.okt.
(Gymsalen sæbø)
1.nov.
(Gymsalen sæbø)
(Sæbø bedehus)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1047 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 25 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

545 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2635709 besøk og 22352393 visningar totalt