I den anledning bed vi om litt hjelp frå bygdefolket.

Dersom du har ei kake du gjerne vil prøve ut, så tek vi gjerne imot eit eksemplar :)

Kunne du tenkje deg å sponse oss med premie til tombola, åre, eller å hjelpe til under marknaden, så vert vi svært glade for det.

Vi set stor pris på all hjelp vi kan få! :)

Innepakka tombolagåver og åregevinstar kan leverast til nokon i korpset.

Korpsmusikantane går no rundt i dalen med loddbøkene som har magne flotte gevinstar i år! Ta godt i mot dei!

Vi gledar oss til denne dagen, og det trur vi mange gjere! 

Korpset lovar god musikk og julestemning! 

Vi håpar DU tek turen! :) 

Meir informasjon om marknaden kjem etterkvart som dagen nærmar seg.

Ta gjerne kontakt!

Oddhild Kalvatn (tlf: 47419576)

Ingvild Hamnaberg (tlf: 95184703)