Ideen om eit eige mannskor på Sæbø vart lufta i vår, og responsen var god. Mange damer var også begeistra og varme om hjartet, trur vi. Få ting er så stilig som menn som syng i harmoni, det er i alle fall heilt sikkert. Vi har no skaffa det som skal til for å komme igang, tilgong på notar og mogelegheit for øvingslokale samt assistanse frå sentrale strok i oppstartfasen (Ørsta og Volda).

Koret skal vere sosialt, og ikkje for strengt. Det skal vere mykje sjarm og stil heile vegen  - men også med fokus på det musikalske, med staute og barske songar. Målet må vere å ha eit levedyktig kor til både kvardag og fest. Vi ynskjer no at interesserte melder seg - og så gjer vi ei opptelling kor mange som har lyst til å vere med og finner så fyste øvingsdag! Kva seier du, farr?