Hjørundfjordportalen » Lokalt » Oppstart av mannskor!
 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Oppstart av mannskor!

No skjer det! No må de sjå å varme opp gullstrupen, karar!

Ideen om eit eige mannskor på Sæbø vart lufta i vår, og responsen var god. Mange damer var også begeistra og varme om hjartet, trur vi. Få ting er så stilig som menn som syng i harmoni, det er i alle fall heilt sikkert. Vi har no skaffa det som skal til for å komme igang, tilgong på notar og mogelegheit for øvingslokale samt assistanse frå sentrale strok i oppstartfasen (Ørsta og Volda).

Koret skal vere sosialt, og ikkje for strengt. Det skal vere mykje sjarm og stil heile vegen  - men også med fokus på det musikalske, med staute og barske songar. Målet må vere å ha eit levedyktig kor til både kvardag og fest. Vi ynskjer no at interesserte melder seg - og så gjer vi ei opptelling kor mange som har lyst til å vere med og finner så fyste øvingsdag! Kva seier du, farr?

Lagt inn av
09.10.2016 22:12

Kommentarar

(16.10.16 kl. 17:01)
Hei! Jon Arne Årseth tek kontakt med deg :)
Tor Grunde Simonsen
(09.10.16 kl. 23:32)
Interessant !! - kva tid øver karane (dag og klokkeslett); kva slags reportoir på agendaen ?? Kven dirigerar ?? Visjonar .........
Kva slags stemmer som evt. manglar ?
(Dersom det skulle passe, så kan eg evt. vere aktuell ...)

mbh. Jon Endre
Jon Endre Ørstavik

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

26.mars
(Sæbø bedehus)
(Hjørundfjord kyrkje)
27.mars
(Gymsalen sæbø)
29.mars
(Sæbø - klubbhuset)
31.mars
(Bondalen grendahus)
1.april
(Grendahuset)
3.april
(Gymsalen sæbø)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1031 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 34 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

58 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2415751 besøk og 20881993 visningar totalt