Har du ting du ikkje lenger har bruk for tek vi imot med stor takk. Ein ting du slett ikkje bryr deg om eller har bruk for kan vere midt i blinken for ein annan.

Gjenbruk er flott og vi veit mange småbarnsforeldre ønskjer å kunne kjøpe barneklede og barnesko på loppemarknaden.

Du finn oss på Sæbø bedehus kvar dag kl. 18.00 - 20.00 mandag - fredag denne veka.

Salen vert stengt for publikum desse dagane.

Om du ikkje ser folk, kan det du vil levere  setjast i gangen / trappa opp til salen, så finn vi det der.

Vi minner om at vi IKKJE tek imot kvitevarer, gamle PC-skjermar, gamle TV, sko til vaksne og store møblement. 

Inntekta frå loppemarknaden går til drift av Sæbø bedehus og høgt oppe på ønskjelista vår står pengar til utskifting av nokre av møblane i kjellarstova.

Loppemarknaden held ope laurdag 24. september kl. 12.00 - 16.00 og søndag 25. september kl. 13.00 - 16.00.

I den koselege kjellarstova vår vert det kafé, med sal av smørbrød og gode kaker.

Velkomne til spennande skattejakt!