Gunnarråsa og Åseråsa.

IMG_9408

I fonnvernet var vi klar til start, Rune, Kari, Bente, Ann Helene og Gunnar.

IMG_9410

Hjertebenken måtte vi oppom.

IMG_9412

Flottaste utsikta, svært lett tilgjengeleg.

IMG_9413

Ved gapahuken starta diskusjonen på kvar kinoletteret vert?

IMG_9414

Her ved Gamlebrunnen er den rette atmosfæra, så gled dokke til kino i svært så passande 

omgjevnadar.

IMG_9416

Varden og Gunnaren kler kvarandre.

IMG_9418

Irene kom springande etter og då vart vi sju.

IMG_9420

Vasstrykkjet er det ikkje noke i vegen med, tuten er vekk men Gunnar fiksa en ny.

IMG_9421

Bente og Irene i lette hopp frå stein til stein.

IMG_9422

Fine kvileplassar finn du heile vegen oppover i råsa.

IMG_9423

Naturens eige kunstverk.

IMG_9424

Mykje sopp på desse gamle treda, det er vel naturen som tek dei tilbake.

IMG_9425

God tid til prat hadde vi oppover råsa.

IMG_9427

Somme fann sopp i massevis.

IMG_9429

No er vi nesten oppe og utsikta er å sjå mellom treda.

IMG_9431

Store druse vert som ungtause att i denne gode reia, at tauet heldt er herved bevist!

IMG_9432

Då vart det kvilepause med fellesbilde.

Gunnar, Kari, Rune, Ann Helene, Bente, Irene og Bodil.

IMG_9434

På verdens tak......

IMG_9436

Der fekk Rune zooma inn fotballkampen , og Sæbø skåra....

IMG_9439

Vi tok ein skål og opna Fredbua offisiellt med helsing til deg Fred.

IMG_9441

Tre som gjekk nedatt same vei dei kom, Bente, Gunnar og Irene.

IMG_9442

Vi andre fire vandra vidare oppover.

IMG_9443

Her sette vi kursen mot Åseråsa.

IMG_9444

Litt fonnskog etter nokre vintrar sidan, men der er rydda veg.

IMG_9445

Hjorten har ein stikkar mot eit utsiktspungt som kan bli ein fin utsiktsplass på vegen.

IMG_9446

Mot Sæbø er det også fint å sjå.

IMG_9447

Hjortespa for den som vil...

IMG_9448

No ser vi mot Viddal og innover Nordangsfjorden, med litt rydding kan denne råsa verte ein svært fin rundtur som må brukast meir. Det gror fort att i lauskogen.

IMG_9451

Sjå då!

IMG_9453

I granskogen er det lunt og varmt, mjukt å gå men inga utsikt.

IMG_9454

Her er byte mellom Hjellen og Sæbøneset. 

IMG_9456

Vi tok vegen mot Hjellen i dag.

IMG_9457

Hasslane bere hamsa med nete, men det var lite mat i.

IMG_9461

Vi enda i eit godt og flott parkanlegg med trapper av stein og fine planter.

Kari og ein blå Hortensia.

IMG_9463

Sjølvsagt Hjellen.

Ann Helene, Rune, Kari og Johan.

Vi takkar for laget og beklager seint referat då nettet svikta.

Flott tur med fønvind og rop frå Sæbøkampen som bakteppe.

Gratulerer med seieren!

Neste måndag er det tur til Årskogstøylen og Holekonevatnet, då går vi "nyeråsa"nedatt via Holesetra og Thereseråsa.

Vel møtt!