Haustens første Filmsalong: DEN GODE, DEN ONDE OG DEN GRUSOMME frå 1966! 
Har du sett den før, kanskje for lenge sida? På ein firkanta TV i stova med halvgod lyd avbrote av reklame kvar halvtime? Vel, dette er verkeleg ein film som fortener å bli sett på det store lerretet, med full sourroundlyd, nypoppa popcorn og kuler og musikk i skjøn harmoni. Av dei gamle westernfilmane frå 40, 50 og 60-talet er det absolutt ein av dei filmane som held seg best. Og inspirasjonen på nyare filmar, til dømes Tarantino, er openberr. Eit godt stykke frå ei episode med Bonanza, for å seie det slik. Det er stil, det er støvete menn med skit under neglene, du kan SJÅ svettedråpane i panna på karakterane. Det er rett og slett tidlaust. 
Så finn fram cowboyen i deg, evt superavløysaren, og møt opp på Filmsalong torsdag 29.09 kl 19.30 på Hjørundfjord Filmteater. Kiosken er sjølvsagt open og den legendariske musikken vil møte deg i det du kjem inn i lokalet. Introduksjonsforedrag om den særeigne sjangeren “Spagettiwestern”.