Kvanndalsvegen opp til demninga

IMG_8695

Kari, Edel, Jorunn, Theo, Anna Sofie, Silje og Jenny Kristin klar til start medan vi ventar på to som kom etter.

IMG_8697

Store tre er det langs fyrste delen av vegen så det var lunt og varmt sjølv om regnet kom.

IMG_8700

Trollsk stemning med sjeggete tre.

IMG_8702

Kjekke kara kom å helste på oss.

IMG_8703

Etterkvart som vi kom opp i høgda vert skogen til bjørk og utsikta betrar seg.

IMG_8704

Fin og jamn stigning gjer dette til ein snerten trimtur.

IMG_8705

Alle bestod "kufelleprøva".

IMG_8706

Kvanndalsetra ligg vakkert og solrikt til under Lissjetinden eller Solskinshatten som somme kallar den.

IMG_8707

Demninga ruvar bra ved det størstevatnet i Ørsta Kommune.

IMG_8708

Skilta talar for seg.

IMG_8709

Eit lite isfjell duppar framleis i vatnet så vi venta litt med badinga enda.

IMG_8710 (2)

Spennande å lese skrifta i sementen.

IMG_8711

Demninga sto ferdig i 1941,det er ei stund sidan no.

IMG_8712

Røyrgata som før var trerør ligg framleis som ei stripe ned til Bjørdalen.

IMG_8713

"Pikene på trappa". Irene og Haldis.

IMG_8717

Og to på demninga, Anna Sofie og Jenny Kristin.

IMG_8715

Fellesbilde måtte vi ha: Anna Sofie, Silje, Jenny Kristin, Irene, Haldis, Kari, Edel, Jorunn,Theo og Bodil. 

IMG_8718

Sjølv om vi fekk tette regnbyge kan ein skimte den flotte utsikta som er her.

IMG_8719

Med nakne leggar i varmt regn gjekk heimturen same veg tilbake, vi kunne balansert på røra som vi gjorde før i tida men....

Takk for triveleg tur, neste måndag er det Thereseråsa opp til Holesetra som står for tur då kan vi starte kryssing av fjellbingoen den som ikkje har starta på det.

Vel møtt!