Tirsdag 1. mars var det sko- og klebyttedag i kjellarstova på bedehuset på Sæbø. Det var ikkje så mange som visste om arrangementet, men initiativtakarane Manuela Ritter og Grethe Wibeke Holen var godt nøgde med frammøtet og gjorde seg erfaringar til seinare.

Tusen takk til dei begge for ein kjekk kveld!

Klebytte3

Alle har vi vel feilkjøp og kle/sko som ikkje passar heilt. Då er det fint om andre kan gjere seg nytte av dei.

I april vil det verte ny dag med sko- og klebytte og då både dameklede og klede til born.

Så om du har klede og sko som du ikkje lenger brukar er det berre å plukke dei fram og ha dei klar til april. Datoen vil verte nærmare bestemt seinare.

Kleda må naturlegvis vere fine og reine - ikkje utslitne.

Mat må til

Litt å bite i er kjekt når ein samlast slik. Sal av handmat og kaffi/te til inntekt for bedehuset. Litt husleige må dei ha sjølv om arrangementet i seg sjølv ikkje gir inntekter.

Kle og sko

Sko og klede kom og sko og klede fann nye eigarar.

Smykker som ligg og flyt er også kjekt å kunne bytte.

Gjenbruk er flott og vi som var tilstades tirsdag kveld gler oss allereie til neste gong!

Og hugs endeleg på loppemarknaden i september. Då kan ein levere småmøbler, kopper, kar og andre småting ein ikkje lenger har bruk for.