Hjørundfjordportalen » Lokalt » Lysmesse, julegrantenning og julemarknad komande Søndag

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Annonse

Lysmesse, julegrantenning og julemarknad komande Søndag

Komande søndag er det 2.søndag i advent og slik tradisjonen er på Sæbø vert det lysmesse i Hjørundfjord kyrkje med sokneprest Espen Aarseth konfirmantane kl. 15.00. Etter lysmessa skal den flotte julegrana tennast. Då vil generasjonskorpset stå klar og skape god stemning med kjende og kjære julesongar. Deretter inviterar korpset til sin årlege julemarknad i gymsalen på Sæbø skule. Vi håpar mange har høve til å vere med denne dagen.

Julemarknaden er eit viktig arrangement for korpset, og vi gledar oss kvart år til å arrangere den. Oppslutnaden på julemarknaden er god kvart år, noko vi er utruleg takknemlege for. Vi kan også i år love triveleg basarstemning med flott musikk, triveleg prat, tombola, åresalg, trekking av loddbok og eit flott sunnmørsk kakebord! (Også med glutenfrie alternativ.)  

Dirigent for korpset er Ingvild Hamnaberg. Ho lovar flott musikk og god stemning på basaren :) Vi er glade for at Vidar Stokke vil leie festen våra også i år :) 

                                     julegrantenning                                                                                     (Foto: Rune Sæbønes)

Også i år har vi opplevd stor gjevarglede blant bedrifter i Ørsta og på Sæbø, så vi har mange flotte gevinstar til utlodding. Bygdefolket i Bondalen har òg gjeve mange flotte gevinstar, noko vi set utruleg stor pris på! 


 Både kyrkja og Generasjonskopset ynskjer alle velkomne til ei fin førjulsstund 2. søndag i  advent.

                                                   advent

                           Helsing Hjørundfjord sokneråd og Generasjonskorpset



Lagt inn av
08.12.2017 14:39

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

24.des.
(Hjørundfjord kyrkje)
25.des.
(Hjørundfjord kyrkje)
29.des.
(Sæbø bedehus)
31.des.
(Hjørundfjordheimen)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1050 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 15 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

112 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2683131 besøk og 22712998 visningar totalt