Vi har kvart år sett behov for å tynne ut skogen og det har vorte rikeleg med juletre som vi har gitt vekk. I år også prøver vi oss med litt sal  -  seier Caroline Hjellegjerde på Vatne i Åmdalen.

Vi sel både furu og gran av den naturleg fine sorten. Vi tilbyr også utkøyring søndag 20. evt. måndag 21., mot eit tilegg. Pris 250 pr. tre uansett sort. "Små og store nissane på Aam'te garden ved Vatnevatnet ynskjer alle hjerteleg velkomen"!

Juletre på Vatne 2015

Elles kan det nemnast at vi er å treffast på garden kvar ettermiddag, men frå onsdag er vi også å treffast på dagtid. Det er berre å kome innom når det måtte passe for bygdefolket!

12366604_10153824662326908_246485156_n

Vi held til på Vatne i Åmdalen og folk finn oss i krysset, nedom vegen, som gjeng inn til Vatnedalen. I desse førjulsdagane så er vi heime og kan vise fram trea til dei som ynskjer å sjå på det vi har å tilby. Vi har både gran og furu, og trea er berre nokre dagar gamle, så vi meiner vi har eit godt produkt , seier ho.

Velkomen til juletrehandel på Vatne .

Ring oss på tlf.93 43 12 21

Caroline Hjellegjerde og Hallgeir Aam