04734                
Trimgruppa på Keipen 27. juli 2015

Eg er så imponert over Bodil og trimgruppa, og kjenner meg privilgert som har fått ta del på nokre av desse kveldsturane. For det første har det vore veldig kjekt å få vere saman med ein slik hyggeleg gjeng i denne eineståande naturen som ligg rett utafor stovedøra vår, og som ikkje er meir krevjande  enn at dei aller fleste har berre godt av å vere med.Det er den første sida, så er det den sosiale ramma som Bodil og hennar turvenner meistrar så uvanleg godt.

Eg - og sikkert alle dei andre - har også hatt glede av å få med oss alle dei gode bitane av kulturhistoria som er knytt opp til desse stiane, steinane, utkikspunkta, dalane og toppane. Kort sagt har turane tilført noko viktig til både føter, hjarte og hovud! Men no må vi altså vente til neste vår - om Bodil vil da!

Som takk for dei fine opplevingane saman med Bodil og turgjengen, legg eg ved nokre bilete frå ein ganske annleis, men fasinerande natur som også kan gi rike opplevingar.

Takk igjen til Bodil og trimgruppa for innsatsen for god folkehelse, naturglede og personleg velvære til så mange!

mixt bilder 050

Langs kysten her går det ein flott sti ca 8 km frå sentrum i Puerto de la Cruz sør til det neset vi ser stikke ut. Stien buktar seg opp og ned forbi elvefar, husklyngjer, små fincaer. Og over alt eit hav av blomster og planter – og fin fuglesang. Og nede i fjøra – som alltid er kvit av skum – bryt dei store dønningane inn frå Atlanterhavet med sitt larmande brøl. Det er ein nydeleg 2-3 timars tur.

P1010149 P1010153

Dette er Taborno, Tenerifes «Matterhorn», men ikkje så uinntakeleg som den ser ut. Likevel er det nok tryggast å bruke litt sikringsutstyr ved eit par utsette passasjar. Men ein treng ikkje gå på toppen, utsikta er formidabel frå ryggen også. Dette landskapet ligg aller lengst mot nord og er ikkje nedtrakka av turistar.

Chimoche

Langs enkelte turstiar er det sett opp «gapahukar»/refuigos som fjellvandrerane kan søke ly under dersom sola blir for sterk, regnet plutseleg fossar ned eller ein berre skal kose seg med ein matbit.

22-11-09 032

Når du først er på Tenerife må du også få med deg eit strandbilete og stemninga der frå. Biletet er frå Playa Jardin i Puerto de la Cruz.  Teide har fått ein «ulldott» på hovudet, ser det ut til.

Cañadas – ca 2000 moh

Her er vi midt oppe i las Cañadas – ca 2000 moh – med Spanias høgste fjell Teide i bakgrunnen som er 3718 moh.  I las Cañadas ligg det ei rekkje turstiar frå nokre kilometer lange til eit par mil. Skulle ein ønske å gå opp til toppen av Teide så går råsa opp etter fjellsida midt i biletet. Turen er nok lengre og meir krevjande enn ein får inntrykk av på biletet.

Teide

Når eg først nemner Teide så kan det vere greitt å vise fram fjellet kledd med fleire meter snø.

Mange trur «syden» berre er sol og 25 g, men i Spania kan det vere bitkaldt som i Norge om vinteren, og Tenerife er Teide snøkledd frå 2500 m og til topps i vintermånadene.

Første gongen eg var på Teide så starta eg i +15 g  nede i las Cañadas og møtte – 10 g på toppen.

Temperatursvingingane kan vere skumle i slike høgder.

Tenerife 2012 031

Ein glad turgjeng som er vel tilbake på grusvegen etter ein flott tur på fjellet Guajara  ( 2715 moh), som vi ser i bakgrunnen. Det er to vegar opp til  toppen på dette fjellet:  1.Det går ei rås opp til høgre i biletet, og når du kjem høgt nok så svingar ein ut til venstre rett mot den store hylla som ein følgjer vidare til venstre,  eller 2; ein lang, veldig lang. og behageleg sti opp på baksida. Turgåarar med hjørundfjordblod, føretrekkjer rute 1 !   Utsikta frå toppen ut over las Canadas og den taggete fjellrekka rundt, og med  majestetiske Teide rett over på andre sida, er mektig.