Olavshola\Olavsdalen

033

Som vanleg møttest vi ved råsa sin start ved vegen.

Bente, Marit, Kari, Hilde, Ståle, Ingebjørg, Tore, Nina og Vaida.

035

Marit fortalde oss om korleis ein brukte kylne, ho har nok best erfaring med slikt.

Her stod ei kylne som folket på Hustad brukte til å turke korn i.

036

Litt oppi råsa veks det banana på stein, Sjelden art!

037

Litt orientering om steinen med inskripsjonar som har reist nedover sida etter jord og steinraset for et par år sidan.

038

Her ligg han antakeleg, ser ut som han er klovna i to.

039

Litt snakk om laust og fast før vi fortsett.

041

"The Skår sisters"

042

Attgroinga er merkbar her oppover skogsvegen.

043

Vaida plukkar blåbær.

044

Ståle og Ingebjørg har berre denne turen att på fjellbingobrettet sitt, godt jobba!

046

Råsa var tørr og god i skogen.

047

Det var ikkje mangel på fludium i "skjenkerett".

048

Kvennakallen gjekk godt i Mikkjelskogen kraftverk.

049

Ei rogn hadde teke på seg haustdrakta for anledninga.

050

Vi gjekk oppover i litt roligt tempo i dag.

051

Varmt og fint i skogen.

053

Litt stoppepauser til prat rakk vi fleire av.

054

Portalen er litt segen, trur bjørka har takka for seg.

056

Lissjesetra er ein fin stoppeplass, ein sess på benken hass Henrik, og tid for bilder og litt drikke.

057

Vidare skal vi.

058

I sikk-sakk går råsa so fin og trygg.

059

Litt hinder å forsere er visst moderne no.

060

Ein skrubb som sniglane har fest på, ikkje særleg fristandefor oss nei. Kansje ein Franskmann vil ha den?

061

Nesten oppe ser vi at lyngen har fått haustfargar.

062

Skriving i boka, og den gamle som er full må nedatt til bevaring.

063

For nokre tiår sidan var der ikkje eit tre i dalen, no- mannshøg skog.

Dette er råsa opp til Hellaren.

065

Hipp, hipp- Fellesbilde:

Kari, Hilde, Ingebjørg, Ståle, Bodil, Tore, Nina, Vaida, Bente og Marit.

067

Frå utsikten ser vi utover vår fagre stad og fjord.

070

Tid for bilder og nyting av utsikta.

Litt spesiellt lys er det denne tida, vanskeleg å få det på kameraet.

071

Midt i fjordkrysset ligg Saksa som er "årets fjell", vel verdt det både grunna arbeidet som er nedlagt og grunna utsikta.

074

Vi merka det skymer fort, så nedatt må vi før det mørknar.

Flott tur i flott vèr.

Tusen takk for laget alle i hop.

Neste måndag vert det tur til Holesetra i Thereseråsa.

Vel møtt!