Fjelbingo!

Torine har gått alle turane som står på brettet, fyrste tur 29\6 var Thereseråsa\Holesetra og siste var ein månad etter, Klokkura.

Ho har fått med seg familien på mange av turane men berre ho og mor Siw har fyllt heile brettet.

Gratuleret og tusen takk for flott innsats.

Vi vil minne om at det framleis er god tid til å delta på denne fjellkonkurransa, den flottaste turtida er August og September og innleveringsfristen er ikkje før Oktober.

Eller du kan gjere som dei to Øyvindane og Trond, dei tok like godt heile brettet- alle seksten turane - på ein dag!

Seksten turar- i alt 4000 høgdemeter på ein dag, dette må vere eit godt eksempel på ekstremsport.

Gratulerer til desse tre også.

Lukke til vidare til alle deltakarane, måtte vi få ein flott haust med fine turdagar.

Husk det er ikkje for seint å starte no!

Ut på tur aldri sur ;)