Rundtur via Gunnar-råsa og Storenakken.

001

I Fonnvernet var vi ein bra flokk som møttest, Terje med Theo, Gunnar, Jonny, Ollen, Rune, Helga, Kari, Jorunn og Marit. Janneche kom rett etter.

003004

Starten gjekk og vi sette  oppover råsa med Theo som "hare". Her er gapahuken,

005

Reiestativet.....

006

Og gamlebrønnen.

008

Liten stopp i skogen for å få att pusten.

009

Rune og Ollen trudde dei kom til å danne baktropp, ja særlig......

010

Gunnar har rydda ein heil del i råsa, no er det breidare slik at ein kan gå i sikk sakk nedatt, særlig godt dersom råsa er litt sleip.

011

Her ser ein godt at det har vorte breidare. Folksamt i råsa.

012013

Irene kom halsande etter, vi venta litt så ho tok oss kjapt igjen. Bodil prøver ein ny sess.

015

Store tømmer ligg etter Dagmar, men drikkekjelda er intakt i år også.

016

Gunnar ved 200m merket, det er i motbakke det går oppover.

017018

Jonny ved ei av gigantmaurtuene som ligg nedom råsa, Marit og Janneche trefte ein mann med hatt i råsa, ikkje ulikt ein liten gnom.

019

Vinterboka står trutt og godt øverst i granskogen.

022

Desse karane kom nest fyrst opp til neste stopp.

025

Flokken kom etter...

026

Denne sjarmøren kom fyrst.

027

Vidare gjekk vi, på rekke og rad.

028

FARE! kan det vere villmarksliv sin neste redaktør vi her ser i aksjon?

029

Nesten oppe opnar utsikta seg.

031

Hipp hurra, oppe!

033

Rett bak kom kokken og hunden hans.

034

Då vart det "dog party"

036

Fellesbilde:

Terje, Jonny, Irene, Janneche, Bodil, Rune, Kari, Gunnar, Jorunn, Helga, Ollen, Marit og Kokken. 

038

Dei fleste vart med vidare mot Storenakken.

039

Ved Åseråsa traff vi Sigrunn som kom frå Hjellen.

040

Litt prat før vi sette kursen mot Skonndalen.

041

Litt trefall frå vinteren ligg i råsa, somt rydda Gunnar vekk med handemakt,

042

men anna må ein nok bruke sag på , denne bjørka let ikkje flytte på seg so lett nei.

043

Terje og Ollen ved inngongen til Skonndalen.

044

"Pikene ved elven"

045

Rett opp, før vi kryssar dalen.

046

"Dalemannen" ligg i nedkant av snøven, sjeldan har eg sett so mykje snøv i dalen so seint på året.

047

Ein liten snøvklatt måtte vi passere ellers var dalen bere der råsa går.

049

Verre med "knutsgjølet" der er ein del snøv enda.

053

Pause ved Storenakken, mot Skonndalen so ein kan sjå kor mykje snøv som ligg der .

055

Mot Sæbø -flott utsikt!

056

Eit forunderligt kamera hadde Rune i sving, ikkje godt å vete kva som vart dokumentert her.

057060

Vidare nedover, mot Korsabrua som nettopp er snøvfri.

062

Utikta framover dalen frå Korsabrua.

Då gjekk vi på heimveg, litt glatt somme stadar men betre enn forventa.

Flott rundtur med triveleg lag.

Tusen takk for laget.

Neste måndag vert det tur til Olavshola, då kjem finevêret!

Det gjeld å ha trua.

VEL MØTT!