Ørsta senterparti med innspelsmøte.

Ørsta senterparti lagar no programmet for neste kommunestyreperiode. Dette er partiet sitt viktigaste dokument framfor valet til hausten. Lista over kandidatar er alt klar og publisert i Møre-Nytt. Den har ei svært god geografisk spreiing, med gode kandidatar frå alle bygdene og sentrum av kommunen vår. Kjønnsfordelinga og alderssamansetting er også god.

 

Innspelsmøte for å lytte.

Programnemnda i partiet har difor bestemt at vi skal gå ut til veljarane og få innspel og sette opp eit program som dermed også innbyggjarane i Ørsta, veljarane våra, har eit forhold til.

Desse innspelsmøta skal haldast på Sæbø, i Ørsta sentrum, på Vartdal og på Bjørke.

Listekandidatar frå dei ulike bygdene og sentrum vil vere med på møta ilag med programnemnda. Dette er innspelsmøte, sitjande og framtidige politikarar kjem for å lytte, ikkje for å kome med lovnadar.

 

 

Demokratisk prosess.

Senterpartiet har alltid sett demokratiske prosessar høgt, desse møta er difor såleis i god tradisjon.

På kvart møte vil det verte servert kaffi og noko kortreist attåt.

Vi startar på Sæbø på klubbhuset til Sæbø IL like over påske, så vert det Ørsta sentrum, Dalane og Hovdebygda samla i eit fellesmøte noko seinare. Vartdalstranda kjem etter det møtet. Så vil Ørsta SP avslutte innspelsmøta i kulturbygda Bjørke. Fellesannonser vil kome i Møre-Nytt.

 

På vegne av programnemnda i Ørsta SP

Synnøve Hill