Vi er heldige som bur i ei bygd med mykje aktivitet. Takka mange flotte ildsjeler som sit på ulike styreverv. No når vi nærmar oss årsmøter startar valnemndene jakta på nye styremedlemmer, håper at alle som vert spurde om å ta på seg eit styreverv ser på det som ei tillitserklæring og ikkje eit "ork". Til fleire ein er å dele på dei ulike oppgåvene til mindre vert det på kvar. Det er ingen som "bryt bein" ved å ta på seg eit styreverv, arbeidsmengda er ikkje uoverkomeleg, og der er alltid nokon att i styret med erfaring :-)

Sæbø idrettslag har mange medlemmar og mange som gjer ein innsats for laget. Både som styremedlemmer, banenemnd, bussansvarleg, materialforvaltar, trenar, oppmenn osv.  

Sæbø IL skal halde årsmøter følgjande dagar på klubbhuset på Sæbø:

Trimgruppa måndag 2. februar kl 18.00

fotballgruppa måndag 2. februar kl 19.30

Handball gruppa tysdag 3. februar kl 19.00

Barneidrettsgruppa tysdag 10. februar kl 19.00

Sæbø IL hovudlaget onsdag 4. mars kl 20.00

Håper at mange møter både på idrettslaget sine årsmøter og på alle andre sine årsmøter i bygda vår.

Det er kjekt, sosialt og lærerikt å ta på seg styreverv. Håper valnemndene i Hjørundfjorden får ei enkel oppgåve i 2015.