Søndag er det den årlege kulturvandringa som Hjørundfjord sogelag og Hjørundfjord kulturvernlag samarbeidar om. Dette året er det kulturvernlaget som er vertar og staden er Kvistaddalen.

Dagen startar med oppmøte ved vegbommen på Kvistad kl.10.00. Her vert det det høve å sitje på bussen som tek folk med til Kvistadsætra. Undervegs på bussen, vert det orientering om spesielle kulturminner i Kvisdaddalen. På Kvistadsætra vert det ein lenger pause med høve til å ta seg ein matbit og kaffi medan det vert fortalt litt om sætring og kulturminner på Kvistadsida og Årsetsida. Det vert også høve å sjå innom det gamle selet som står der og som er ei gammal røykstove frå Hustad før den kom til Kvistad som hus i gamle Jogarden.

Kvistadsætra-web

Kvistadsætra ein fin sommardag fyrst i Juli 2008

Etter ein god pause tek vi turen til Vasstøylen for dei som ynskjer det. Dette er ein fin og lett tur som dei aller fleste kan greie. På Vasstøylen vert det fortalt om gamle sætreminner og om vegen til Kvamsedalen. Dei som ikkje ynskjer å være med til Vasstøyeln kan verte transportert tilbake til Kvistad med buss.

Husk å ta med rikeleg med mat og drikke for dagen kan bli lang. Det er også viktigt å ta med gode kle og pute for å sitje på også.

Bussturen er sponsa av Fjord1 og er gratis.

Bompengar kr. 30 for privatbilar.

Det vert ei lita utlodding av gevinstar i matykta på Kvistadsætra for dekning av utgifter.

Hjørundfjord Kulturvernlag ynskjer alle velkomne til ein fin dag i Kvistaddalen.