Stokkehornet.
Siw med sine born, Kristian, Vegard og Torrine, Beate, John Andre og sonen Anders, Fred og Bodil.
Allereide rett oppi råsa var det flotte kantarella.
Vegard hadde med Chiko, ein hund dei har på "lån".
Straks var vi oppe på ryggen av Stokkehornet, godt tempo i varmen.
Paret frå Haramsøya, Beate og John Andre, spreke folk.
Sonen Anders.
Torrine.
Kristian.
Torrine leidde Chiko, og han var ein reser oppetter råsa.
Utsikta openberra seg raskt.
I motsol ligg toppen av hornet og kallar på oss.
Av med sjorter og inn med drikke, dette var varmt.
Fred er i god form og hadde harejobben i dag.
Sprekingen Torrine kasta sjorta.
Her ser vi framover dalen, like til Videtjørn.
Eit realt hjortespa fekk vi passere.
Oppover bar det, godt med ein liten skygge på vegen.
Små stopp, vi måtte drikke, hunden måtte drikke, ja det var lurt å fylle på.
Etter vi hadde komt eit godt stykke oppover ryggen vert utsikta enda betre.
Sommaridyll på fjellet.
Chiko kjempa for å kome fyrst, Fred ligg heile tida foran.
Brattare og flottare vart det.
Chiko pusta og pesa, meir drikke måtte til.
Fred nyt utsikta over fjellmassivet på alle kantar.
Chiko, Torrine, Vegard og Siw fann ut at det var best å snu her, sikkert lurt i varmen.
Vi andre kjempa vidare.
Ungdommane fekk farta opp.
Snart sat ungdommen på toppen å venta på oss.
Fred, Anders og Kristian.
Fellesbildet!
Beate, John Andre, Anders, Kristian, Fred og Bodil.
Vi måtte bortom "Ørneredet"der var det rikeleg med korsedderkoppspindelvev.
Vakkert men ekkelt!
Tilbake til toppen før heimveg.
Bratt opp, bratt nedatt, ein flott tur i eit fantastisk vêr.
Vesle majestetiske Stokkehornet, ruvar godt mellom Alpane rundt, verdt ein tur i all slags vêr, men aller finast i strålande sol.
Tusen takk for turen til dokke som var med, takk for laget til dei som les.
Torsdag er det tur til Klokkura og Tryvatna, vert det bading mon tru?
Vel møtt!
Kommentarar