Hesjing, ein aktivitet for store og små.

Vi vil at alle som har lyst til å sjå, eller hjelpe til å hesje kan kome innom uteplassen på Hjørundfjordheimen torsdag 26 juni frå kl 1400.

No har vi også fått tak i ein dugandes trekksepelar som vil spele og synge til oss.

Vi kan byde på litt å bite i og muligens fleire aktivitetar som vil vekkje minner, eller skape midtsommarstemning. Ikkje alt er ferdig planlagt enda, men kjekt skal det verte.

Velkommen innom på ei uformell stund med gardsaktivitetar.

Vi vil håpe mange tek seg tid til dette, det hadde vore triveleg.