No på sundag vert det tangokurs med Carolina Alberici og Enrique Morales, to av dei beste tangodansarane i verda!
Det vert kurs både for nybyrjarar og vidarekomne. 

Program for sundagen (alt skjer på Samfunnshuset):

12.00-15.00: Nybyrjarkurs
16.30-19.30: Kurs for vidarekomne

Pris: 
Vaksne: kr 500
Student/ungdom: kr 300
Etterpå vert det milonga (dansekveld)
Milongaen er inkludert i prisen om ein er med på tangokurs.

Berre milonga: kr 50; 

På milongaen kan ein få brukt det ein har lært på kurset til å danse utover kvelden til flott tangomusikk. Kjenner du nokon som ikkje vil vere med å danse, men har lyst på ein hyggjeleg kveld ute, er det òg mogleg. Her kan ein ta med litt å bite i og kose seg medan ein ser på dei andre danse til den flotte musikken.

Meir info og påmeldingsskjema finn de på www.tangofestivalen.no

Der er eit påmeldingsskjema på denne heimesida. De kan anten betale på førehand (slik det vart gjort under tangofestivalen) eller betale kontant ved inngangen på sundag, men det er uansett ein fordel om de kan seie ifrå via påmeldingsskjemaet eller ringe / sende melding til Øyvind Aspenes Robak på tlf 92238244.

Prisen er for heile dagen og ein vel sjølv kor mykje ein vil vere med på. 
Vil ein på kurs for vidarekomne, men har lyst på litt oppfrisking fyrst, kan ein vere med på begge kursa. Det same gjeld om ein er med på nybyrjarkurset og er interessert i få med seg kva ein lærer på kurset for vidarekomne. 
Vi vil òg få i stand milonga på kvelden, dersom det er interesse for det.


Litt om tangodansarane:

Carolina Alberici og Enrique Morales frå Argentina er to av dei beste mid_SP_0293tangodansarane i verda for tida. Dei bur i Japan, der dei driv kvart sitt akademi i tillegg til mykje utøvande verksemd. Carolina Alberici underviser det japanske kunstløpslandslaget i musikalitet og uttrykk og har sidan 2010 undervist den rekordunge japanske mannlege gullvinnaren i Sotsji-OL. 
No har dei nettopp vore på turné på Sunnmøre med Astor Piazzolla sin tangooperette María de Buenos Aires (under Ålesund kammermusikkfestival) med stjernesongaren Julia Zenko, Per Arne Glorvigen, Steinar Haugerud, Sverre Indris Joner, Ålesund Strykekvartett m.fl.
Det er fyrste gongen dei dansar i Noreg, og vi er så heldige at Volda er ein av svært få stader dei held kurs i før dei fer attende til Japan.

De bør nytte høvet og få med dykk dette, det vil de ikkje angre på! (og prisen er heller ikkje avskrekkande).

http://www.youtube.com/watch?v=7mYgHj9t55g&feature=youtu.be

https://www.facebook.com/enriquemorales.carolinaalberici?fref=ts

Velkomne til ein fantastisk tangodag!


Venleg helsing,

Øyvind Aspenes Robak, Tangofestivalen i Volda